Hopp til innhald
Arbeidsoppdrag

Ferieplanar?

Dette spørsmålet høyrer vi ofte. For kva skal folk gjere i ferien? Skal dei reise bort, eller skal dei ha ein «staycation»? Ferie i Noreg eller i utlandet? Telttur eller hotell? Med venner eller med familie? Åleine, kanskje?

Oppdrag

Kommunen treng ei oversikt over ferieplanane til ungdom i aldersgruppa 16–18 år. Dei har bede klassa dykkar om hjelp til å skaffe denne oversikta. Dei spør om de kan lage, gjennomføre og analysere ei undersøking om ferieplanane til elevane på skulen dykkar.

Førebuingar – i klassa

  • Undersøkinga skal vere i intervjuform.
  • Diskuter i klassa kva spørsmål de kan stille. Tenk på korleis de best mogleg kan utforme spørsmåla slik at det blir enkelt å analysere svara.
  • Utform eit intervjuskjema saman, anten på papir eller digitalt.
  • Bli samde om kor mange medelevar de skal intervjue. Kanskje tre kvar?

Gjennomføring – individuelt

  • Gjennomfør intervjua i friminutta, når alle har fri.
  • Gå gjennom svara du får inn, og skriv ei oppsummering av det du har funne ut.

Sluttføring – i klassa

  • Presenter funna dykkar i klassa.
  • To i klassa må ta på seg sekretærrolla og skrive oppsummeringane så oversiktleg som mogleg.
  • Lag ein presentasjon av funna dykkar.
  • Kva ferieplanar har elevane på skulen dykkar?

Relatert innhald

Fagstoff
Intervjumetoden

Intervjumetoden er ein nyttig metode for å samle inn data og eignar seg særleg godt når ein ønskjer meir utfyllande svar på spørsmål ein lurer på.