Hopp til innhald

Fagstoff

Intervjumetoden

Intervjuet er nok den forma for marknadsundersøkingar flest av oss kjenner til og har vore utsette for, anten vi har blitt stoppa på gata, ringt opp på telefonen eller kontakta på internett. Føremålet med intervju som metode er å få kunnskap om forbrukarane sine behov, erfaringar og meiningar.

Ei verdifull informasjonskjelde

Intervju kan gjennomførast munnleg, anten direkte eller over telefon, eller som skriftlege spørjeundersøkingar på papir eller digitalt. Kva type intervju ulike bedrifter vel å bruke, er avhengig av kor mykje tid og pengar dei har til rådvelde. Det er òg litt avhengig av kva type data dei skal innhente.

Korleis laga gode intervjuspørsmål?

Vi kan få veldig mykje verdifull informasjon ut av eit intervju dersom spørsmåla er riktig utforma. Med det meiner vi i denne samanhengen at spørsmåla er formulerte slik at vi faktisk får svar på det vi er ute etter å få vite. I tillegg må spørsmåla vere opne nok til at dei tillèt eit ærleg og oppriktig svar. Dei må ikkje vere utforma slik at vi nærast legg svaret i munnen på intervjupersonen (såkalla leiande spørsmål).

Når du skal førebu eit intervju, må du ha klart for deg kva du ønskjer svar på. Du må kunne stille dei riktige spørsmåla til dei riktige folka. I eit intervju som er godt førebudd, kan du få mykje relevant informasjon. Du kan få stadfesta eller avkrefta ting du lurer på, og du kan få vite nye ting som kan vere av interesse for deg og bedrifta di.

CC BY-SASkrive av Live Marie Toft Sundbye og Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 29.07.2022

Læringsressursar

Marknadsundersøking