Hopp til innhald

Fagstoff

Maskinar og utstyr i restaurant- og matfag

På eit kjøkken finst det mange ulike maskiner og utstyr. Nokre er meir avanserte enn andre, og det er viktig å lære seg å nytte alle maskinene på riktig måte.
Tre kombidamparar og ei stor steikjepanne på eit kjøkken. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kombidampar

Ein kombidampar har som oftast varmluft, og han har tre hovudfunksjonar: steik, damp og kombinasjon av steik og damp. Nyare kombidamparar har ofte tilleggsfunksjonar som gjer det mogleg å dampe/steikje på låge temperaturar, eigne tørkeprogram og moglegheit for å lage eigne program for enkelte produkt.

Ein kompidampar med menypanel som viser ulike val for damping, steiking, kombinasjon av damp og steik og eigne knappar for steiking av kjøt, fisk, bakverk og reingjering. Kollasj.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Herteomn/steinomn

Ein herteomn er som oftast laga av keramisk stein. Denne blir varma opp ved at varmeelementet er montert anten under eller over steinen. Omnen blir bygd som eit kammer som held varmen inne i omnen. Produkt blir då steikte ved hjelp av direkte varmeoverføring frå omn til produkt. Det finst òg herteomnar der ein fyrer med ved eller kol inne i kammeret til omnen. Fordelen og ulempa med denne omnen er at det blir veldig varmt. Pizza og brød er ofte steikte inne i ein herteomn/steinomn.

Koketoppar

Induksjon

Induksjonstoppen fungerer ved magnetisme og ein elektrisk spole som ligg under kokeplata. Når det går straum gjennom spolen, dannar han eit magnetfelt. Magnetfeltet skaper ein elektrisk straum i botnen av kjelen, og på grunn av den elektriske motstanden blir metallet i kjelebotnen varmt. Når kjelen blir fjerna frå toppen, forsvinn òg varmen på plata ganske raskt.

Gass

Gasstoppen fungerer ved at eit bluss blir tent og tilført gass. Dette gir ein flamme som vi kan regulere på same måtar som andre koketoppar. Ein fordel ved gassvarme er at vi raskt får opp temperatur. Ei ulempe kan vere at det er vanskelegare å styre varmen, og det er ein viss fare ved å ha ein open flamme som lett kan tenne på både matrestar og utstyr.

Keramisk

Keramiske toppar blir varma av eit varmeelement. Når vi skrur på omnen, blir elementet varma opp til ønskt temperatur, og denne varmen spreier seg til den keramiske overflata som varmar kjelen eller steikjepanna. Når vi fjernar kjelen frå plata, vil den keramiske overflata framleis halde den høge temperaturen, og varmeelementet vil gløde raudt. Når vi skrur av, vil det ta litt tid før varmeelementet er kjølt ned.

Vakummaskin

Vakuum betyr "tomt rom". Det vakuumpakkaren gjer, er at han syg lufta ut av ein pose og forseglar han med ein sveisesaum. Det kan forlengje haldbarheita på både fersk og frosen mat. Det finst ulike typar vakuumpakkarar. Dei mest avanserte har òg funksjonar for gasspakking, der ein tilfører gass i posen for å forlengje haldbarheita. Vi kan fjerne alle luft i posen, men òg berre nytte sveisefunksjonen slik at posen blir heilt tett, men med litt luft inne i posen.

Ein middels stor vakuummaskin. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge


CC BY-SASkrive av Einar Martin Kålen.
Sist fagleg oppdatert 16.09.2020

Læringsressursar

Teknologi og berekraft