Hopp til innhald

Fagstoff

Maskiner og utstyr i matvareproduksjonen

I matindustrien nyttar ein mange forskjellige maskiner og mykje forskjellig utstyr. Denne filmen viser ein del av dei automatiske prosessane som blir nytta i matindustrien, og kva maskiner som er vanlege. Du finn eit tekstsamndrag av filmen under.

Tekstsamandrag av filmen

I starten blir det vist klipp frå jordbruk og fiske. På startplakaten står det "Matfag, maskiner og utstyr". Mens forteljarstemma beskriv utviklinga innanfor matfaga, blir det vist eit klipp av to personar som sløyer fisk for hand. I løpet av filmen blir tre personar som jobbar i matproduksjonsbedrifter, intervjua. Først snakkar ein prosessoperatør ved Tine Meieriet Brumunddal om kor langt dei har komme med automatisering og digitalisering ved bedrifta. Deretter fortel ein produksjonsmedarbeidar ved eit av Gilde-Norturas anlegg om produksjonen av kjøttprodukt. Mot slutten av filmen snakkar meierisjefen ved Tine Meieriet Brumunddal om at framtida for bedrifta vil bestå av både teknologi og fagfolk.

CC BY-SASkrive av Einar Martin Kålen.
Sist fagleg oppdatert 23.03.2020

Læringsressursar

Teknologi og berekraft