Øving
Smakstest av økologiske varer
I denne oppgåva skal du bli betre kjend med økologiske produkt. Ved å smaksteste trener du også på å bruke smaksgana dine.
Læraren skal gjere innkjøp, og deretter skal de smaksteste økologiske produkt opp mot konvensjonelle. Kva smakar best? Skjema til bruk i smakstestinga er lagd ved som PDF.
Filer
Innkjøp
Kjøp inn økologiske og konvensjonelle grønsaker og frukt av same sort, slik at det dannar grunnlag for samanlikning. Skjemaet som er lagt ved, er meint for tre sortar.
Utstyr
Kniv, fat til smaksprøver, notislappar, vann, glas, smakstallerkenar og eventuelt serviettar.
Gjennomføring
- Skjer opp like store bitar av alle sortar, og legg på fat. Set ein namnelapp med ein talkode under kvart fat og same tallkoden oppå fatet. Lag deg ein fasit med kva som er økologisk og konvensjonell, eller skriv ein lapp med Ø under på økologisk vare.
- Del ut testskjema. Følg reglane som er sett opp for testing (sjå hugselappen).
- Testpanelet forsyner seg av dei ulike sortane, og smakar. Bruk skjema og noter under kvar kolonne. I éin av kolonnane skal det givast terningkast. Vara med til dømes talkode 1 skal skrivast under talkode 1 på skjemaet.
- Gå gjennom testskjemaet og samanlikn resultata for økologisk og konvensjonell vare. I kolonnen der det blir gitt terningkast, kan ein finne gjennomsnittet av terningkasta ved å leggje saman alle tala frå kvar elev, og dele dette på talet på elevar som har vore med i testpanelet. Kva for råvare kjem best ut i test?
Ved seriøse testar av produkta skal testpanelet
- vere stille i rommet
- drikke berre vatn under testing
- unngå kaffi siste timen
- unngå tobakk siste halvtimen
- bruke lite parfyme
- verken vere svolten eller mett
- ikkje vere stressa