Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Skriv ingressar

Ein ingress er eit kort, innleiande avsnitt med sentrale og viktige opplysningar om saka. Ingressen skal vekkje nysgjerrigheita til lesaren. I denne oppgåva skal du øve deg på å skrive ingressar.
Person skriv på laptop, bilete av hender og tastatur. Foto.

Kva er ein ingress?

  • Ein ingress er eit kort, innleiande avsnitt med sentrale og viktige opplysningar om saka.
  • Ingressen følgjer etter tittelen og leier inn mot brødteksten.
  • Ein ingress skal vere kort, han bør ikkje ha meir enn 25 ord.
  • Ingressen blir ofte skilt ut frå annan tekst med feit eller kursivert skrift.
  • Ingressen skal vekkje nysgjerrigheita til lesaren.

Korleis skrive ingressar?

Ingressar kan skrivast på mange ulike måtar. Her får du nokre tips:

Start med fakta. Kven, kva, kvar, når, korleis, kvifor?

Eksempel: Trumps valkampstab avviser påstandane om at ein kampanje på TikTok førte til at færre enn venta møtte opp til folkemøtet i Tulsa denne helga.

Start med eit spørsmål til lesaren som presenterer det sentrale i artikkelen

Eksempel: Har du nokon gong opplevd rasisme på kroppen?

Start med eit sitat. Plukk ut ei viktig utsegn frå ein person

Eksempel: – Få hytter til sals, låg rente og spekulasjon i prisvekst vil drive hytteprisane til himmels, trur meklartopp.

Start med ei scene der du pirrar sansane til lesaren:

Eksempel: Det er fisk i havet, sol i bakkane og mat på tallerkenen. Likevel flyttar folk frå tettstaden Havøysund i Finnmark.

Oppgåve

  1. Vel ut fire nettsaker. Kopier dei, og lim dei i eit dokument. NB: Ta bort ingressane.
  2. Del dokumentet med eleven du sit ved sida av i klasserommet. Medeleven din skal så skrive forslag til ingressar. Sjå tips og eksempel over.
  3. Til slutt samanliknar de dei nye ingressane med dei opphavlege ingressane. Kva er best?


CC BY-SASkrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 22.06.2020

Læringsressursar

Innføring i journalistikk