Gode overskrifter
Klikkjournalistikk er ei nemning som blir brukt i daglegtale når overskrifter er utforma slik at folk får lyst til å klikke på oppslag i ei nettavis. Her er eit døme frå Nationen: "En av tre bønder sier de har sex minst én gang per dag" (Brøndbo, 2019).
Humorprogrammet Underholdningsavdelingen på NRK harselerer med overskrifter som berre har som formål å få folk til å klikke på ei sak i ei nettavis. Sjå episode 2 av NRKs Underholdningsavdelingen. Klippet startar på cirka 34:10.
I dag blir mykje informasjon formidla via internett, og det er freistande å tenke at ei god overskrift lar seg måle i talet på klikk. Men hensikta med ei overskrift bør ikkje berre vere å få mange klikk på ei sak. Lesarane går fort lei av "lureoverskrifter".
Overskrifter bør formast slik at lesaren skjønner kva det handlar om. Ei god overskrift er ei overskrift som får brukarane til å klikke på saker som verkeleg gjeld dei.
- Overskrifter bør vere meiningsberande.
- Overskrifter bør vere tilstrekkeleg presise.
- Overskrifter bør skape interesse og nysgjerrigheit.
Tabloide nettaviser som VG og Dagbladet brukar korte overskrifter som ikkje inneheld meir enn fem ord. Til samanlikning brukar Aftenposten ofte lengre og meir presise overskrifter.
Døme på overskrifter med fem ord
"Slik får du drømmebilen billigere" (Korsvoll, 2022)
"Her går det skikkelig galt" (Dagbladet, 2021)
"Slik kommer Norge til EM" (Hansen, 2023)
Døme på utdjupande overskrift
"De skyter, sprenger og selger stoff. Men narkotika er ikke lenger deres viktigste inntektskilde." (Moe, 2023)
Nettavisene bruker mange triks for å fange merksemda til lesarane når dei lagar overskrifter:
- triggarord som speler på sex og død: "Kristen buktaler planla pedofilt kannibaldrap" (Bore, 2012)
- teaserar: "Druknet i katteskål" (NTB, 2001)
- direkte henvending: "Slik blir du en super-elsker" (Langset, 2004)
- bruk av tal ("Ti gode grunnar til at …")
- bruk av "korleis" eller "slik": "Slik blir du kvitt hudormer" (Rødahl, 2022)
overdrivingar og ordspel: "Vannsalget går i vasken" (E24, 2009)
- medviten bruk av nøkkelord som mange søker på: "Britney Spears skremmer villsvin" (VG, 2003)
- grafiske triks som framhevar nokre av orda
Ei yrkesnemning kan brukast som eit triggarord i ei overskrift. Til dømes skjedde det ein episode i USA der ein mann plasserte sønene på taket og var klar for å dytte dei utfor. Overskrifta "Mann plasserte sønene på taket" er ikkje direkte pirrande. Men dersom ein bruker yrkestittelen til mannen, blir overskrifta straks meir interessant: "Erkebiskop plasserte sønnene på taket" (Tommelstad, 2009b). Effekten er endå sterkare dersom ein både bruke yrkestittel og framhevar drapsmetoden: "Amerikansk TV-sjef halshugget kona" (Tommelstad, 2009a).
Mange overskrifter inneheld ulike former for ordspel eller alliterasjonar (bokstavrim), til dømes "Tilbudt tusenlapp for truser" (Andersen, 2009).
Til ettertanke
Overdrivingar og triggarord kan pirre nysgjerrigheita, men kan òg slå tilbake dersom lesarane synest overskrifta er smaklaus eller platt.
Korleis reagerer du på at nokre journalistar bruker omgrepa "holocaust" eller "massakre" om eit nederlag på fotballbanen?