Hopp til innhald
Arbeidsoppdrag

Nyheitssak om klimakrisa

Du jobbar som journalist i skuleavisa og har fått i oppdrag å skrive ei nettsak med tema “klimakrisa”. Du kan sjølv velje vinkling på saka.

Eksempel på innfallsvinklar: lokale klimautfordringar der du bur, klimaopprør mellom ungdom eller klimatiltak på skulen.

Nyheitssaka skal publiserast på skoleavisa si nettside.

Nyheitssaka skal ha tittel, ingress, brødtekst og bilete med bilettekst.

Du må intervjue minst to intervjuobjekt til denne saka.


  1. Set deg inn i temaet “klimakrisa”, gjer research.
  2. Les gjennom desse tekstane: Den journalistiske arbeidsprosessen og Slik byggjer du opp teksten.
  3. Gå inn på vg.no og les gjennom ulike nyheitssaker. Studer sakene, sjå på tittel, ingress, oppbygging av tekst og bruk av bilete.
  4. Vel vinkling på nyheitssaka di.
  5. Gjer avtale med intervjuobjekta.
  6. Førebu spørsmål og intervjuteknikk.
  7. Gjennomfør intervjua og ta bilete.
  8. Skriv nyheitssaka. Bruk skrivemodellen den omvende trekanten. Hugs at tittel, ingress og bilete skal skape interesse og fortelje kva saka handlar om.
  9. Du kan bruke denne teksten som hjelp i skriveprosessen: Skriv ei nyheitssak.