Øving
Lag titlar!
Tittelen (overskrifta) er blikkfanget i ei sak. Han skal kort fortelje kva teksten handlar om. Saman med biletet skal tittelen fange interessa hos lesaren. I denne oppgåva skal du øve deg på å skrive gode titlar.
- Lag ein tittel til kvart av bileta nedanfor.
- Hugs at tittelen skal vere kortfatta og fange merksemda til lesaren, og han skal helst ikkje vere på meir enn fem ord.
- Når de er ferdige, tar de ein felles gjennomgang i klassen og samanliknar forslaga.
- Finn tre korte saker i nettavisene.
- Kopier dei og lim dei i eit dokument som du deler med eleven ved sida av deg. NB: Ta bort titlane.
- Sidemannen skriv forslag til titlar.
Relatert innhald
Fagstoff
Gode overskrifterEi god overskrift fangar blikket og kan ha avgjerande betydning for om du når fram til målgruppa di eller ikkje.