Journalisten søkjer sanninga - Mediesamfunnet 1 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Journalisten søkjer sanninga

God journalistikk er ein føresetnad for demokratiet vårt. Journalisten har eit viktig samfunnsoppdrag, og truverd er vesentleg for pressa. Journalistikk skal skildre verkelegheita.

Journalistikk er historier frå verkelegheita som handlar om verkelege menneske, reelle konfliktar og faktiske hendingar.

Oppgåva til pressa går ut på å samle informasjon om det som skjer i samfunnet, omarbeide informasjonen og setje han inn i ein meiningsfylt samanheng. Omgrepet journalistikk beskriv både arbeidsprosess og det ferdige journalistiske produktet.

Samfunnsoppdraget til journalisten

Pressa har eit viktig samfunnsoppdrag. I eit demokrati er innbyggjarane avhengige av informasjon. Det er journalisten si oppgåve å formidle informasjon som gjer at folk kan delta i samfunnsdebatten og ta bevisste val.

Journalistikken er dessutan viktig for å avsløre maktmisbruk og kritikkverdige forhold hos myndigheitene. Pressa skal òg tale enkeltmennesket si sak mot autoritetane.

Uavhengig journalistikk

I Noreg har vi ei fri og uavhengig presse. Det betyr at norske medium er frie til å kommentere dei statlege myndigheitene. Pressa styrer seg sjølv, og myndigheitene kan ikkje blande seg inn i den redaksjonelle verksemda.

Journalistar, og alle andre, kan kritisere og stille spørsmål om det som går føre seg i samfunnet utan å risikere straff. Norske myndigheiter driv ikkje med førehandssensur av journalistisk innhald.

Fri og uavhengig journalistikk er ein føresetnad for eit demokratisk samfunn.

Truverd

Det er viktig at publikum har tillit til norsk presse, truverd er grunnleggjande for journalistar. Yrkesgruppa skal basere nyheitssakene på faktum som kan etterprøvast. Dersom ikkje publikum stoler på journalistane, får vi eit demokratisk problem.

Ei fri presse er som grunnsteinar i samfunnet vårt. Det at kritiske journalistar stadig jaktar etter sanninga, er ein føresetnad for demokratiet vårt.

Tenkepause

Har du tillit til norsk presse? Kvifor/kvifor ikkje?

Skrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 17.10.2019