Arbeidsoppdrag
Lag ein enquete om ytringsfridom
Ein enquete er eit intervju der same spørsmål blir stilt til fleire personar. Denne forma for intervju blir brukt både i aviser, radio og TV. Ofte er formålet å formidle informasjon om kva vanlege folk meiner om eit bestemt spørsmål.
Du jobbar som journalist i ei lokalavis, og du har fått i oppdrag å lage ein enquete om ytringsfridom. Enqueten skal filmast med mobiltelefon eller videokamera, og han skal publiserast både på nettsida og på Facebook-sida til lokalavisa. Enqueten skal bestå av to opne spørsmål om ytringsfridom, og du skal intervjue fire ulike personar. Du skal altså stille dei same to spørsmåla til alle dei fire intervjuobjekta dine.
- Start med å gjere research på temaet ytringsfridom.
- Korleis førebu og gjennomføre intervju til en enquete? Les gjennom relatert artikkel.
- Formuler to opne spørsmål du skal stille til intervjuobjekta dine.
- Finn relevante og gode intervjuobjekt, og start intervjua. Det er bra om du klarer å finne intervjuobjekt som gir deg varierte og ulike svar.
- Du kan filme intervjua med mobiltelefon eller videokamera, bruk mikrofon om du har tilgang på det. Ver bevisst på lyd- og lysforhold.
- Hugs: Du jobbar som journalist, og saka skal vere basert på verkelege menneske med reelle synspunkt og svar.
- Til slutt redigerer du saka og gjer ho klar for publisering.
Relatert innhald
Fagstoff
Den journalistiske arbeidsprosessenHer får du gode tips til korleis du gjennomfører eit intervju for avis, radio eller fjernsyn.