Eigenvurdering
Eigenvurdering for emner i journalistikk
Kvifor er god journalistikk ein føresetnad for demokratiet vårt, og kva kjenneteiknar ei nyheit? Sjekk desse punkta og få oversikt over kva du har lært om journalistikk.
Desse punkta gir deg ein peikepinn på korleis det står til med fagkunnskapen din:
- Eg forstår at god journalistikk er ein føresetnad for demokratiet vårt.
- Eg veit kva som er samfunnsoppdrag til journalistane.
- Eg skjøner at truverd er vesentleg for pressa.
- Eg veit at journalistikk skal beskrive verkelegheita.
Eg forstår at det er viktig å ha ei fri og uavhengig presse.
- Eg veit korleis eg kan produsere journalistisk innhald tilpassa ulike mottakarar.
- Eg veit kva som kjenneteiknar ei nyheit.
- Eg veit kva nyheitskriterium er.
- Eg kan bruke skrivemodellar som hjelp til å byggje opp journalistiske saker.
- Eg veit at munnlege kjelder står sentralt i journalistisk arbeid.
- Eg forstår kvifor det er viktig å vere kjeldekritisk.
- Eg har lært at mange journalistar i dag er fleirmediale.
- Eg veit kvifor journalistar i dag må meistre ny teknologi og ulike digitale verktøy.
- Eg kan greie ut om etiske normer og gjeldande regelverk og bruke desse i eigne produksjonar.
fleirmedial journalist
intervjuobjekt
intervjuteknikk
journalistikk
kjeldekritikk
mediehus
munnlege kjelder
målgruppe
nyheit
nyheitskriterium
nyheitsterskel
nyheitsverdi
opne/lukka spørsmål
presseetikk
redaksjon
samfunnsoppdraget til pressa
truverd
uavhengig journalistikk
Ver Varsam-plakaten
vinkling