Øving
Vel kanal og format
Teamet ditt skal lage ein reklamefilm og to annonsar. Éin annonse skal trykkjast i ei regional avis, og éin skal publiserast på nett eller i sosiale media. Bruk informasjon i fagteksten Format for annonsar og reklamefilm som hjelp til å konkretisere formata.
- Beskriv kva kanalar og format (storleikar og lengder) de har valt.
- Grunngi vala.
- Forsøk også å finne ut kva ein slik reklame vil koste i dei kanalane og formata de har bestemt dykk for.
Øvingsoppgåve
Studer desse tre annonsane som er laga for Akvariet i Bergen. Gjer greie for likskapar og skilnader.