Oppgåve
Korleis er reklameuttrykka laga?
I fagartikkelen Annonse, radiospot og reklamefilm finn du eksempel på desse tre reklamesjangrane. Ta utgangspunkt i desse eksempla, eller andre tilsvarande eksempel, og diskuter i grupper:
- Korleis trur de annonsen er planlagd og produsert?
- Korleis trur de radiospoten er planlagd og produsert?
- Korleis trur de reklamefilmen er planlagd og produsert?
Spørsmål de kan prøve å besvare i diskusjonen, er:
- Kva yrkesgrupper har vore involvert i arbeidet?
- Kva har dei ulike personane gjort?
- Kva kunnskap har dei hatt?
- Kva mål har personen eller teamet jobba mot?
- Korleis har dei samarbeidd for å komme fram til det endelege resultatet?
- Kor lang tid trur de produksjonsprosessen kan ha teke?
Firmaet Bauer Media lagar reklamespotar for kommersielle radiokanalar. Studer nettsida deira.
- Finn ut kva argument dei har for å bruke radiospotar.
- Finn ut kva dei tilbyr av tenester.
- Beskriv eit eksempel på kva dei har produsert.