Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lag reklamefilm om berekraftig mobilforbruk

Mange reklamefilmar har som formål å få oss til å kjøpe noko nytt og forbruke meir. No får du utfordringa om å lage ein reklamefilm som skal gjere det motsette.

Lag ein reklamefilm som er retta mot ungdom i alderen 16–25 år. Formålet med filmen er å få mottakarane til å ta smarte og berekraftige val når det gjeld mobiltelefonar.

Oppgåve

Del 1 – forarbeid

Diskuter og set ned nokre argument på kvart punkt:

  • Kvifor er det ikkje berekraftig å halde fram med det forbruket vi har av mobiltelefonar i dag? Sjå på til dømes miljøbelastningar, ressursknappleik og barnearbeid.
  • Korleis kan vi redusere belastninga på miljøet?
  • Kva for løysningar finst for å sikre rettferdig lønn og gode arbeidsføresetnader for arbeidarar i mobilproduksjonen?

Hugs å skrive ned kjeldene de bruker for å finne desse argumenta. Dei skal de setje inn på slutten av filmen.

Del 2 – lag dreiebok

Du bør ha ein god plan for korleis filmen skal sjå ut. Planlegg korleis du kan overtyde mottakaren til å ta dei gode og berekraftige vala.

  • Kva argument av dei du skreiv ned i del 1 vil du bruke i filmen?
  • Korleis kan du bruke bilete, tekst og lyd til å understreke argumenta dine?
  • Lag ei dreiebok (storyboard) som beskriv korleis filmen skal sjå ut.
  • Tips! Bruk gjerne pinnedokker som "skodespelarar".

Lær korleis du kan lage ei dreiebok i denne artikkelen frå Medie- og informasjonskunnskap: Storyboard (dreiebok)

Del 3 – lag filmen

  • Bruk gjerne mobiltelefonen til å lage filmen. Du kan også bruke stillbilete.
  • Set saman i eit redigeringsprogram du kjenner. Dei fleste elevar har tilgang til appen "Bilder" på skule-PC-en sin.
  • På slutten av filmen skal det inn ei kjeldeliste og ein sluttplakat.

    I kjeldelista fører du opp kjeldene bak argumenta du har brukt i filmen.

    På sluttplakaten krediterer du dei som har laga innhald du bruker, til dømes bilete og musikk.

Vurdering

Du har laga ein film med høg måloppnåing når filmen

  • gir mottakarane informasjon om korleis dei kan ta smarte og berekraftige val når det gjeld mobiltelefonar
  • overtyder mottakaren ved hjelp av relevante og haldbare argument
  • har bilete, tekst og lyd som understrekar argumenta
  • oppgir pålitelege kjelder
  • krediterer opphavspersonar til bilete, tekst og musikk som er brukt
CC BY-SASkrive av Marthe Johanne Moe.
Sist fagleg oppdatert 13.11.2019

Læringsressursar

Innføring i marknadskommunikasjon