Hopp til innhald

Fagstoff

Suksess med digital marknadsføring

Korleis kan bedrifta di lukkast med marknadsføring i ei digital verd?
Ikon for ulike sosiale medium på iPhone. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Plan for marknadsføring og tydeleg målgruppe

Viss du har ei bedrift, må du ha ein klar strategi for kva du ønskjer å oppnå i dei digitale kanalane. Kva slags bodskap vil du få fram? Kven ønskjer du å nå med bodskapen – altså kven er målgruppa di?

For å kunne spisse marknadsføringa, må du vite mest mogleg om målgruppa. Du må vite kvar du treff målgruppa og korleis du skal få merksemda deira. Målet er å få kunden til å ville gjere det du vil av eigen fri vilje.

Kompetanse om digitale verktøy

Bedrifter er avhengige av å ha god kompetanse om digitale verktøy. Mange bedrifter har denne kompetansen internt, mens andre kjøper han eksternt. Uansett må du byggje opp ein nettstad og beherske dei ulike Google-verktøya og dei ulike sosiale media.

Ein godt fungerande nettstad

I dagens digitale samfunn er det avgjerande for bedrifter å ha ein godt fungerande nettstad. Han må vere visuelt tiltalande, i tillegg til at han må vere brukarvenleg og funksjonell.

Nærvære ved søk

Etter at bedrifta har laga ein god nettstad, er det viktig å sørgje for at moglege kundar finn nettstaden. Vi skil her mellom organiske søk og betalte søk.

Organiske søk er ubetalt søketrafikk frå søkjemotorar, der dei mest relevante søkjeresultata kjem øvst.

Betalte søk er betalt søkjetrafikk som blir generert i søkjemotorar. Ved bruk av software, som til dømes Google Analytics, kan du sjå kor mykje trafikk som blir generert av betalte søk.

Betydinga av Google

Google er verdas mest brukte søkjemotor, og har stor påverknad på den digitale kvardagen vår. At “å google” har blitt eit verb, viser kor sterk posisjon Google har fått.

«Dr. Google» har blitt eit omgrep, fordi dei fleste av oss googlar symptoma våre før vi kontaktar fastlegen. Vi treng heller ikkje bruksrettleiingar eller oppskrifter, for alt kan googlast. Det har også blitt vanleg å google søkjarar i samband med tilsettingar, så snart treng vi kanskje heller ikkje CV.

Bruk av Google Analytics i marknadsføring

Google er også brukt som marknadsføringskanal. Ved hjelp av Google sine verktøy kan du samle kunnskap om kundane dine. Denne informasjonen kan du så bruke for å få ut ein bodskap som er relevant for målgruppa.

Med verktøy som Google Analytics kan du måle effekten av marknadsføringstiltaka dine. Google Analytics er ei gratisteneste frå Google som gir deg detaljert statistikk over trafikk på nettsida di.

Statistikken viser kva for kjelder dei besøkjande kjem frå. Kjem dei frå direktetrafikk, via tilvisingar/lenker frå andre sider, frå sosiale medium eller frå betalte annonsar? Du kan også få statistikk på kor mange av dei besøkjande som utførte ønska handling, til dømes kjøpte varen, før dei forlét nettstaden.

CC BY-SASkrive av Tone Hadler-Olsen.
Sist fagleg oppdatert 23.05.2019

Læringsressursar

Innføring i marknadskommunikasjon