Hopp til innhald

Fagstoff

Marknadsføringsmodellen AIDAS

Oppgåva til reklamebransjen er å skape behov, fange merksemda til forbrukarane og få dei til å kjøpe ei vare eller ei teneste. AIDAS er ein modell som oppsummerer kva som skal til for å lykkast.
Jente omgitt av mange budskap i tegneserieformat. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Stoppeffektar

Verkemiddel som er brukte for å fange merksemda til mottakarane, kallar vi stoppeffektar. Ein stoppeffekt kan vere eit oppsiktsvekkjande bilete, ein prangande farge eller ein provoserande påstand.

Reklamebyråa bruker stoppeffektar for at bodskapen ikkje skal drukne i mengda av annan informasjon. Men når mottakaren først stoppar opp, må han eller ho også oppleve at informasjonen som blir gitt, er relevant og truverdig. Klarer du å få mottakaren til å bli kjenslemessig engasjert, har du langt på veg lykkast med reklameverksemda di.

AIDAS-modellen

AIDAS er ei forkorting for ein mykje brukt modell i reklamebransjen. Bokstavane står for

  • A Attention – merksemda til forbrukaren blir vekt
  • I Interest – forbrukaren blir interessert i bodskapen eller produktet
  • D Desire – eit ønske eller eit behov oppstår hos forbrukaren
  • A Action – forbrukaren gjer det annonsøren ønskjer, for eksempel kjøper ei vare
Tegneseriestripe som viser dei ulike fasane i modellen. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

På vegne av oppdragsgivaren sin kommuniserer reklamemedarbeidaren med forbrukaren, med AIDAS-modellen som rettesnor. Utan merksemd, interesse og ønskje om eit produkt, blir det heller ingen handel. Og om kunden ikkje er tilfreds, ja då spreier ikkje den gode bodskapen seg vidare til andre potensielle kundar.

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal og Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 15.04.2018

Læringsressursar

Innføring i marknadskommunikasjon