Hopp til innhald

Fagstoff

Alkoholreklame i Noreg

Noreg har eit totalforbod mot alkoholreklame som gjeld i alle marknadsføringskanalar. Men det skal vere mogleg for ein interessert forbrukar å få tak i informasjon om alkoholhaldige drikker.
To glas øl – eitt lite glas med lyst øl og eitt stort glas med mørkt øl. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I Noreg er all reklame for alkohol forbode. Alle drikker med meir enn 2,5 volumprosent alkohol blir rekna for å vere alkoholhaldige, og i alkohollova blir reklame definert som all massekommunikasjon som har marknadsføring og sal som formål.

Å informere er lov

Det er likevel lov med informasjon om alkoholhaldige drikker. Helsedirektoratet skriv på nettsidene sine at det er lov å formidle opplysningar om alkohol i kanalar som forbrukarar sjølve oppsøkjer.

Dette blir rekna som eit unntak frå alkohollova.

Ein ølprodusent kan altså publisere informasjon på sine eigne nettsider om kva øltypar dei tilbyr. Derimot er det ikkje greitt å dele den same informasjonen i sosiale medium.

Opplysningane skal vere nøkterne

Helsedirektoratet skriv òg at dersom det skal publiserast opplysningar om alkoholhaldige drikker, må opplysningane vere nøkterne og faktabaserte. Nøytral informasjon om drikkevarer, til dømes om pris, råvarer og duft, er altså lov. Det er òg lov med bilete av alkoholhaldige drikker på ein nøytral bakgrunn.

I praksis vil det seie at utestader og bryggjeri ikkje kan bruke ord som «god», «frisk», «nydeleg» og «doggfrisk» om alkoholhaldige produkt, fordi slike ord gir alkohol positiv omtale. Heller ikkje ord og uttrykk som «happy hour», «vekas drink» eller «vinfredag» skal brukast.

Vidare er det ikkje lov å bruke bilete der personar i lystig lag er avbilda med drikkevarer. I bilete er det dessutan ikkje lov å framheve éin drikk framfor ein annan, til dømes gjennom storleiken på motivet.

Utanlandsk alkoholreklame på TV og på nett

Då Noreg inngjekk EØS-avtalen med EU om fri flyt av varer og tenester på 1990-talet, fekk Noreg lov til å reservere seg mot alkoholreklame i media. Forbodet gjeld likevel ikkje for TV-kanalar som sender frå utlandet.

På nettsider og i sosiale mediekanalar kan du kome borti alkoholreklame fordi dei som publiserer innhaldet, held til i utlandet.

Diskuter éi eller fleire av problemstillingane

  • Kva positive og negative konsekvensar har eit totalforbod mot reklame? For kven?
  • Kva positive og negative konsekvensar har unntaka frå reglane om reklame i alkohollova? For kven?
  • I kva grad er det eit problem for eit norsk publikum at reglane om alkoholreklame ikkje er like strenge i andre land?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge og Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 29.01.2020

Læringsressursar

Innføring i marknadskommunikasjon