Hopp til innhald

Fagstoff

Digital kundesamtale

Ein stor del av kommunikasjonen bedrifter har med kundane sine, skjer i digitale kanalar. Dette gjeld både før, under og etter at kunden har kjøpt noko av bedrifta.
Ei hand som held ein mobiltelefon, personen bestiller cappuccino via ein chat-robot. Manipulert foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når ein kunde leitar etter produkt, tenester, reiser eller overnatting, er det først og fremst internett kunden bruker.

Vi kan ta ei reise som eksempel:

Kunden byrjar gjerne å planleggje ei stund i førevegen. Nokre av dei tinga kunden kanskje gjer, er

  • å søkje på Google
  • å spørje om råd i grupper på sosiale medium
  • å sjekke kundeomtalar og stjernerangeringar
  • å lage ei oppslagstavle på Pinterest
  • å sjekke ulike nettsider

Når kunden skal bestemme seg for ein stad å reise til eller eit hotell å bu på, ser han eller ho òg på bedriftene sine eigne nettsider og profilar i sosiale medium. Då er det viktig at desse er laga slik at kunden får eit godt inntrykk. I tillegg er det viktig at tidlegare kundar har gitt bedriftene gode omtalar, og at bedriftene sjølve er til stades og kan svare på spørsmål i sosiale medium.

I netthandel er det ikkje sikkert kunden planlegg så mykje i forvegen. Billege produkt kan kunden ofte kjøpe på impuls, mens dyrare produkt kan krevje meir planlegging.

Dei viktigaste kanalane for digital kommunikasjon med kunden er

  • nettsider
  • sosiale medium
  • direktemeldingar

For å få kunden til å kome tilbake og tilrå bedrifta vidare til andre, kan bedrifta mellom anna bruke

  • fordelsprogram og kundeklubb
  • kundedatabasar og oppfølging

Heile tida ønskjer bedrifta å gi kunden all informasjon som kunden treng, samtidig som bedrifta vil at kunden skal sleppe å bruke tid på det som ikkje er relevant. Bedriftene må derfor alltid prøve å gi riktig bodskap til riktig kunde, i riktig kanal og til rett tid. Dette samanfattar digital kundedialog.

CC BY-SASkrive av Nina Furu. Rettshavar: Webgruppen AS
Sist fagleg oppdatert 10.12.2019

Læringsressursar

Innføring i marknadskommunikasjon