Hopp til innhald

Eigenvurdering

Eigenvurdering for marknadskommunikasjon

Kor godt forstår du marknadskommunikasjon?
Ein reklame for Freia mjølkesjokolade er måla på fasaden til ein gammal bygard. Motivet er ein park med kyr og oksar som gjer mennesketing. Dei sit ved bord og et og drikk, høyrer på musikk og går tur med barnevogn. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Har du forstått?

Svarer du ja på spørsmåla nedanfor, har du god greie på marknadskommunikasjon.

vg1

  • Eg veit kva reklame og marknadskommunikasjon er.
  • Eg veit kva lover og reglar som gjeld for marknadsføring.
  • Eg kan kjenne att, diskutere og drøfte reklame eg får på nett, også algoritmisk marknadskommunikasjon.
  • Eg kan planleggje og produsere medieuttrykk i ulike reklameformat for ulike målgrupper.

vg2

  • Eg forstår at kampanjar set i samanheng ulike reklameuttrykk for ulike kanalar.

  • Eg veit kva ei merkevare er.

  • Eg kan vurdere ei merkevare – kven som er målgruppa, og kva verdi ho har – og argumentere for vurderinga.

  • Eg kan bruke verkemiddel i ulike medietypar på tvers av kanalar for å få fram same bodskap.
  • Eg veit korleis eg kan marknadsføre produkt til bestemte målgrupper.

  • Eg forstår korleis planlagd marknadskommunikasjon blir brukt for å byggje og halde ved like ei merkevare hos eit publikum.

  • Eg kan skissere ein plan for korleis ein byggjer ei merkevare.

  • Eg forstår og kan forklare korleis ei klart definert målgruppe, gode idear, ein klar bodskap og planlagd distribusjon i kanalar er føresetnader for å lykkast med marknadskommunikasjon.
Omgrep

CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge og Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 10.06.2022

Læringsressursar

Innføring i marknadskommunikasjon