Oppgåve
Tek influensarar samfunnsansvar?
Influensarar har makt til å påverke haldningar og oppfatningar i samfunnet. Men tek dei ansvar for det dei legg ut?
Ein influensar kan nå mange med innlegga sine og har dermed makt til å påverke haldningar hos ei stor målgruppe. Mens nokre influensarar får kritikk for å produsere innhald som bidreg til å gi folk negativt sjølvbilete, viser andre etisk bevisstheit om innhaldet dei produserer. Etisk bevisstheit går ut på å vise ansvar, vege ulike omsyn mot kvarandre og reflektere.
- Gjer research på ulike sosiale medium. Ta for deg profilane til norske influensarar med mange følgjarar.
- Finn døme på influensarar som bruker påverknadskrafta si til noko positivt for samfunnet.
Vel ut ein influensar, og lag ein digital presentasjon. I presentasjonen går du inn på desse punkta:
- Kven: Presenter influensaren med namn, bilete, følgjartal og så vidare.
- Målgruppe: Definer målgruppa til influensaren.
- Publiseringskanal: Kva for nokre sosiale medium bruker influensaren til å publisere innhald? Vis til konkrete døme.
- Kommunikasjon: Korleis kommuniserer influensaren til følgjarane sine? Vis til konkrete døme.
- Etisk bevisstheit og samfunnsansvar: På kva måte viser influensaren etisk bevisstheit og samfunnsansvar rundt innhaldet han eller ho presenterer? Vis til konkrete døme frå publiserte innlegg.
- Hald presentasjonen for resten av klassen.
Munnleg aktivitet: Still spørsmål til klassen etter at du er ferdig med presentasjonen. Her er nokre døme på spørsmål du kan stille:
- På kva måte kan denne influensaren påverke haldningar og oppfatningar i samfunnet?
- På kva måte er denne influensaren ein god rollemodell?
- På kva måte blir de påverka av influensarar?