I medias søkjelys - Mediesamfunnet 2 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

I medias søkjelys

Dagens idrettsutøvarar skal ikkje berre takle harde fysiske og psykiske påkjenningar i konkurranse mot andre idrettsutøvarar. Dei må òg kunne takle å vere i medias søkjelys.

Idrettsutøvar og «mediefjes»

Nokre utøvarar blir meir motiverte av å sjå seg sjølv bretta ut over ei dobbeltside i Dagbladet. Andre blir distraherte frå det dei eigentleg held på med. Det er ikkje enkelt å leve opp til eigne og andre sine forventningar, og spesielt kan unge idrettsutøvarar stå i fare for å bli mentalt utbrende av å konstant vere i medias søkjelys.

Skistjerna Petter Northug skapte store overskrifter då han blei sikta for råkøyring og oppbevaring av narkotika. Langrennsløparen hadde lagt opp ski-karrieren fleire år tidlegare, men saka fekk enorm mediemerksemd.

Mediepresset veks

Idrett er god underhaldning, og underhaldning er lønnsamt. Stadig fleire mediekanalar konkurrerer i dag om å ha dei beste idrettsoppslaga. I dag må dei fremste idrettsutøvarane våre stille til intervju med fleire norske TV- og radiokanalar etter ein konkurranse. I internasjonale meisterskapar blir dei møtte av ein hær av mikrofonar og kamera, og pressekonferansane før og etter idrettskonkurransane er like obligatoriske som dopingkontrollar. Som ei følgje av dette omgir no kjende idrettsprofilar seg med eigne pressetalspersonar og medierådgivarar.

Mange vil sole seg i glansen

Idretten blir stadig meir kommersialisert, og både arrangørar og sponsorar ønskjer mediemerksemd. Dei fleste idrettsutøvarar eller idrettslag har i dag eigne sponsorar, som i stor grad bidreg til å finansiere verksemda. Desse sponsorane ønskjer naturleg nok å få noko att for pengane sine – ikkje berre i form av idrettsprestasjonar, men også i form av promotering av bestemde produkt eller verdiar.

Marknadsføringsverdien av denne promoteringa er i stor grad avhengig av at utøvaren stiller opp både i redaksjonelle medium og i sosiale medium òg utanfor konkurranse. Er idrettsprestasjonen stor nok, er det flust av folk som ønskjer seg ein «selfie» saman med den store helten – alt frå fansen som møter utøvaren på bussen, til politikarar som er på jakt etter å styrkje sitt eige omdømme.

Media byggjer opp og riv ned

Den heltestatusen mange idrettsutøvarar oppnår, er i stor grad medieskapt. Vi elskar idrettsheltane våre. Dei målber grunnleggjande verdiar alle kan samlast om, uansett etnisk og kulturell tilhøyrsel, og styrkjer dermed identiteten vår som norske borgarar.

Men media har òg ein eigen dynamikk som tilseier at jo større heltestatus ein person oppnår, jo meir spennande blir det å rive denne helten ned att frå pidestallen. Då blir ein fiasko eit betre medieoppslag enn endå ein siger, og skilsmissa sel fleire aviser enn det bryllaupet i si tid gjorde. Og ein «fallen helt» får ikkje berre gjennomgå i redaksjonelle medium – han eller ho må ofte òg tole grov sjikane i sosiale medium.

Skrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 17.11.2020