Oppgåve
Korleis vil du at andre skal oppfatte deg?
Korleis ønskjer du at andre skal oppfatte deg? Kva for signal sender du for å «hjelpe» folk med å oppfatte deg slik du ønskjer? Er du medviten om korleis du framstiller deg sjølv i den fysiske verda? I sosiale medium?
Vi opptrer sjeldan på same måten i alle situasjonar:
- Til den du er forelska i, viser du fram andre sider av deg sjølv enn til bestevennen din.
- Til foreldre og lærarar skal du kanskje vise at du er flink og pliktoppfyllande.
- På fest saman med vennene dine skal du kanskje vise at du gir litt faen og gjer som du vil.
- Vi kan nytte media til å vise fram «ulike versjonar» av oss sjølve til ulike personar og i ulike samanhengar.
- Har du to Instagram-kontoar? Sender du ulike typar selfiar til ulike typar folk?
- Korleis vil du at andre skal oppfatte deg?
- Kva gjer du for å lykkast med det?
- Har det hendt at du er blitt oppfatta på ein annan måte enn du venta? Utdjup og forklar dersom det er tilfellet.
- Er det forskjell på i den fysiske verda og i sosiale medium?
Diskuter tre og tre eller heile klassen samla.
- Dersom du er både pliktoppfyllande og opprørsk, eller både pen og velkledd og rufsen og likegyldig, er du ikkje då ein løgnar? Har du då ein identitet som er falsk?