Oppgåve
Personinformasjon på sosiale medium
Er du bevisst på kva du deler, og har du kontroll på personvern-innstillingane dine på sosiale medium? Sosiale nettsamfunn har system som kan gi deg og vennene dine ein tryggare kvardag på nett.
Søk opp profilane til nokre av vennene dine på Instagram. Svar på desse spørsmåla:
- Kva har desse vennene publisert på Instagram-profilen det siste døgnet?
- Er profilane opne eller lukka? Kva tenkjer du om det?
- Finn du innlegg som inneheld opplysningar om andre som gjeld politisk oppfatning, tru eller seksuell legning? Kvifor skal ein vere forsiktig med å leggje ut sensitiv informasjon som dette? Les gjennom den relaterte artikkelen «Personvern i sosiale medium».
- Finn du bilete av deg sjølv på profilane til vennene dine? Gav du i så fall samtykke før det blei publisert?
- Les gjennom den relaterte artikkelen frå Datatilsynet om deling av bilete. Kva er reglane for deling av bilete på sosiale medium?
Relatert innhald
Personvern: Gå inn på din eigen Instagram- og Snapchat-profil på Innstillinger.
- Kva innstillingar har du lagt inn for deg sjølv?
- Kvifor har du lagt inn desse innstillingane?
- Kvifor er det viktig å sikre personvernet sitt på sosiale medium?
- Les gjennom den relaterte artikkelen frå nettvett.no. Kva betyr totrinnsverifisering?
Relatert innhald
Tenk over
Toler innlegga dine å bli sett av foreldra dine, arbeidsgivarar, skuleleiinga eller framande personar?