Øving
Arbeid med film om algoritmer
Kva er ein algoritme, og hva blir han brukt til? Bruk læringsstrategier for å lære med video.
Du kan jobbe aleine eller saman med andre.
- Har du høyrt omgrepet algoritme før? Kva betyr det for deg? I kva for samanhengar har du høyrt om det eller brukt ordet sjølv?
- Kva tenkjer du filmen kjem til å handle om? Kva vil du få vite meir om?
- Summer kort opp det Oda seier om kva ho kan om algoritmar i starten av filmen.
- Visste du dette? Er det andre ting du veit, som Oda ikkje seier noko om?
Søk opp personen
Søk opp personen Muhammad ibn Musa al-Khwarizmi. Kven er han, og kva slags samanheng er det mellom han og algoritmar?
Skriv ned sentrale omgrep
- Skriv ned sentrale omgrep som blir presenterte i filmen. Kva betyr dei? Formuler med eigne ord.
- Her får vi høyre om matoppskrifter og reiseveg som døme på algoritmar. Finn eigne døme på kva ein algoritme er.
- Kva er algoritmen i denne oppskrifta: Oppskrift på vaflar frå Matprat.
Kva seier kjeldene?
I filmen er det tre ekspertar. Skriv ned namna på dei tre.
- Vel deg ein av ekspertane og skriv ned ei oppsummering av det han eller ho seier.
- Samanlikn oppsummeringa di med Oda si oppsummering. Kva er likt, kva er ulikt?
- Lag ein rask profil over deg sjølv med utgangspunkt i dei digitale spora du legger igjen.
- Skriv ned nokre punkt under tittelen: Dette har eg lært om algoritmar i dag.