Blir du påverka av influensarar? Visste du at mange influensarar blandar privatliv med reklame for å selje deg produkt? I denne oppgåva skal du sjå nærmare på dette.
1) Sjå dokumentaren frå NRK-serien Innafor (varigheit: 58 minutt )
2) Diskuter desse spørsmåla i grupper
- På kva måte kan influensarar påverke haldningar og handlingsmønster i samfunnet?
- Kva makt har management og byrå som jobbar med influensarane?
- Kva relasjon har influensarane i denne serien til følgjarane sine?
- Kva gruppe blir mest påverka av sponsa innhald på sosiale medium, trur de?
3) Studer og reflekter rundt korleis Emma Ellingsen jobbar på fotoshoot for motemerket NA-KD
Du kan gå tilbake og sjå klippet frå fotoshooten i dokumentaren på tidskoden 27.30–28.25. Svar deretter på desse spørsmåla:
- Kva speler Emma på når ho skal selje inn merkevara?
- På kva måte blir du påverka av bodskapen til Emma?
- Emma får hjelp til å formulere bodskapen når ho skal selje inn merkevara. Kva tenkjer du om det?
- Stoler du på det Emma seier om merkevara? Kvifor / kvifor ikkje?
- Kven er målgruppa til Emma?
- Kvifor trur du mange blir påverka av denne typen marknadsføring?
CC BY-SASkrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 27.10.2020