Medieundersøkingar
Ei medieundersøking er ei kartlegging av medievanane til folk: kva for medium folk bruker, og korleis bruksmønsteret endrar seg over tid. Formålet med slike undersøkingar er å få fram statistiske data over mediebruken til befolkninga. Denne informasjonen er nyttig både for styresmakter, mediebedrifter og for deg som mediekonsument. Informasjonen blir mellom anna brukt til å utforme medietilbodet, og til forsking og undervisning.
Det er mange ulike institusjonar som utfører medieundersøkingar, både offentlege og private. Dei gir jamleg ut rapportar over mediebruken i Noreg:
- Statistisk sentralbyrå (SSB) gir ut Norsk mediebarometer, basert på ei årleg undersøking om mediebruk i Noreg.
- Medietilsynet gir mellom anna ut rapporten Barn og medier, som er basert på jamlege undersøkingar av mediebruk blant barn og unge.
- Kantar er Noregs viktigaste kommersielle analysemiljø for medium og gir ut offisielle mediebruksundersøkingar for alle dei store mediekanalane i Noreg.
SSB har heilt sidan 1967 gjennomført såkalla utvalsundersøkingar om bruk av ulike massemedium. Medieundersøkinga blir gjennomført ved telefonintervju med eit representativt utvalg av befolkninga, ca. 2000 personar mellom 9 og 79 år. SSB bruker òg elektroniske spørjeskjema.
Medietilsynet sin rapport Barn og medier byggjer på ei undersøking som Sentio Research Noreg utfører for Medietilsynet annakvart år. I 2020 deltok over 3000 barn og unge frå 51 skular over heile landet i den nettbaserte spørjeundersøkinga. Undersøkinga blei følgd opp med gruppeintervju.
Kantar bruker ulike metodar som grunnlag for undersøkingane sine:
- personleg intervju og telefonintervju
- spørjeskjema via post, og webbasert spørjeskjema
- direkte uthenting av data frå tv-skjermar, internettruterar osb.
Undersøkingar blir gjennomførte i ulike panel som består av personar som representerer eit tilfeldig valt gjennomsnitt av befolkninga.
GallupPanelet består av 40 000 personar som jamleg svarer på spørjeundersøkingar.
Gallup Seerpanel består av 1600 husstandar rundt om i heile landet. Måleutstyr som er påkopla tv-skjermar, internettruterar og appar hentar ut informasjon om korleis desse husstandane bruker tv, online-video og nett-tv.
GallupGo-panelet er òg ein del av sjåarundersøkinga. Dei 2300 medlemmene i dette panelet har med seg ei lita måleeining, GallupGO, gjennom heile dagen. Måleutstyret registrerer tv-bruk med utgangspunkt i lydkodar som ligg gøymde i tv-sendingane, men som ikkje er høyrbare for menneske.
Norsk Internettpanel består av 5000 personar. Det blir registrert kva desse personane gjer på Internett: kva nettsider dei besøkjer, og kor lenge dei er på dei ulike nettsidene. Det blir gjort ved at det blir installert informasjonskapslar (cookies) på datamaskiner, nettbrett og mobiltelefonar, og desse informasjonskapslane overfører så brukarinformasjonen til Kantar.