Arbeidsoppdrag
Utforsk mediebruk blant barn og unge
Medietilsynet gir med jamne mellomrom ut rapportar om mediebruk blant barn og unge frå 9 til 18 år. Lag ein nyheitsartikkel der du formidlar dei viktigaste funna i rapporten.
I dette oppdraget skal du studere ein skriftleg rapport og bruke han som kjelde i ein nyheitsartikkel. Før du byrjar, bør du setje deg inn i fagartiklane på NDLA om mediebruk blant barn og unge, korleis du les og bruker statistiske data, og korleis du som journalist byggjer opp ein nyheitsartikkel.
- Søk opp rapportar om mediebruk blant barn og unge på nettsidene til Medietilsynet. Noter ned dei funna i siste utgåve av rapporten Barn og medium som du meiner har størst nyheitsverdi.
- Vel ut eitt funn i undersøkinga som nyheitsartikkelen din skal handle om, og bestem deg for korleis du vil vinkle saka. Delrapportane gir gode hint når du skal velje. Det er smart dersom elevane i klassen din tek utgangspunkt i ulike delar av rapporten og vel kvar si vinkling.
- Skriv ein nyheitsartikkel basert på opplysningane du finn i rapporten. Lengd: maks 500 ord.
- Ta eigne bilete eller vel aktuelle bilete i NTBs eller NDLAs biletbase. Hugs å oppgi fotograf, leverandør og lisens, og at bilete av personar må vere modellklarerte.
- Del nyheitsartikkelen med dei andre i klassen, og be om ei kritisk vurdering av måten du har vinkla saka og presentert statistikk på i nyheitsartikkelen din.
Relatert innhald
Fagstoff
Journalistiske skrivemodellarOm skrivemodellar for nyheitsartiklar, nyheitsreportasje og feature-reportasjar.