Naturfag (PB)
Arv og evolusjon
I dette emnet skal du få bli med på ei spennande reise innom celler, arvestoff, evolusjon og bioteknologi. Her kan du la deg fascinere av dei mikroskopiske bestanddelane som kontrollerer livsviktige prosessar og har svært stor betydning for liva våre.
Gen blir arva og endra
Eigenskapane dine kjem av eit samspel mellom arv og miljø. Få eigenskapar er påverka av berre arv eller berre miljø. I tillegg begynner vi å forstå at det utvalet av gen som er aktive, kan bli endra av livsstil og miljø.