Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Forsøk: Undersøk mikroorganismar

Utforsk mikroorganismane rundt deg ved å dyrke bakteriar på agarskåler og studere dei under mikroskop.
Ein forskar held fram to petriskåler. Den eine petriskåla inneheld dyrka mikroorganismar som bakteriar og sopp, mens den andre petriskåla fungerer som ei kontrollprøve. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bakgrunnsinformasjon

Mikroorganismar er ei gruppe organismar som er så små at du må bruke mikroskop for å sjå einskildindivid. Kvar finn vi desse? Mikroorganismane, og spesielt bakteriane, er dei mest utbreidde organismane på jorda, og vi finn dei overalt i omgivnadene våre: på skjærefjøla på kjøkkenet, på pulten og ikkje minst på mobiltelefonen. Fleire av dei er til og med ein del av deg og lever på og i kroppen din. Du treng derfor ikkje gå langt eller leite lenge viss du skal jakte på mikroorganismar.

Kva ser vi?

Etter å ha dyrka mikroorganismar under gunstige forhold vil du kunne observere koloniar av mikroorganismar i agarskåla. Bakteriar verkar tydeleg avgrensa, glatte og blanke, mens sopp verkar hårete, ujamne og kan vere lite avgrensa.

Gram-farging av bakteriar

Ser vi nærare på bakteriar, vil vi oppdage at dei finst i ulike former med ulik oppbygging og ulike eigenskapar. Ved hjelp av Gram-farging kan vi utnytte forskjellar i den ytre strukturen til bakteriane og dermed skilje dei frå kvarandre. Ved hjelp av eit fargestoff som bind seg til den ytre strukturen til bakteriane, vil bakteriar med tjukk ytre cellevegg få ein lilla farge. Desse har fått namnet Gram-positive bakteriar. Blant dei finn vi mellom anna pneumokokkar, som gir lungebetennelse, og stafylokokkar, som gir betennelse i sår. Bakteriar med tynn ytre cellevegg vil få ein rosa farge, og dei kallast Gram-negative bakteriar. I denne gruppa finn vi mellom anna meningokokkar, som gir hjernehinnebetennelse, og gonokokkar, som gir gonoré.

Oversikt over prosessen ved Gram-farging av bakteriar. På grunn av ulikskapar i den ytre strukturen til bakteriane (utsnitt) vil farginga gi ulikt resultat, og vi kan skilje mellom Gram-negative og Gram-positive bakteriar. Gram-positive bakteriar får ein lilla farge, mens Gram-negative bakteriar blir rosa. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Antibiotika

I nokre tilfelle kan det vere gunstig å hemme bakterievekst. Eit fellesnamn for medikament som gjer motstand mot bakteriar, er antibiotika. Mange antibiotika angrip celleveggen til bakteriane, og dei har derfor ulik påverknad på Gram-positive og Gram-negative bakteriar. Bakteriar som ikkje blir påverka av antibiotika, kallar vi antibiotikaresistente.

Hensikt

I dette forsøket skal du bli kjend med nokre av mikroorganismane som lever livet sitt side om side med deg. Fordi dei er så små at vi ikkje kan sjå dei, bruker vi mikroskopet.

Til lærar:

Dei ulike delane i dette forsøket kan utførast kvar for seg, eller forsøket kan gjennomførast som ein heilskap sett saman av fire delar.


Vidare arbeid

  • Etter å ha undersøkt bakteriane dine med ulike metodar, kva kan du seie om den bakterietypen du har jobba med?
  • Finn ut meir om denne bakterietypen, og presenter bakterien din for dei andre i klassen.
  • Lag ein plakat som kan hengjast opp i kantina, på do, i eit klasserom eller andre stader der de kan dele nyttig informasjon om bakteriar til andre.

Relatert innhald

Kjelder

Institutt for biologi, NTNU. (2015). Kurskompendium BI 1001 Celle- og molekylærbiologi.

Lönn-Stensrud, J. (2016). Bakterienes forunderlige verden. Universitetsforlaget.

Store norske leksikon. (2019, 25. oktober). Gramfarging. Henta 3. oktober 2020 frå https://sml.snl.no/gramfarging

CC BY-SASkrive av Camilla Øvstebø.
Sist fagleg oppdatert 14.01.2022

Læringsressursar

Mikroorganismar