Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Utforsk smittekjeda

I denne aktiviteten skal du lære om smittespreiing og smittesporing. Føremålet er å forstå kor viktig førebyggjande smittevern er.
Ein mørk gjenstand avslører smittestoff ved hjelp av fluoriserande sporingspulver som lyser opp under UV-lys. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Førebuingar – lærar

Utstyr:

  • tusj
  • hanskar
  • små behaldarar (gjerne Eppendorf- eller PCR-røyr)
  • fluoriserande pulver
  • UV-lampe
  • maisennamjøl
  • glyserol

Førebuingar:

Gjer klar små behaldarar med maisennamjøl, éin til kvar elev. Éin av behaldarane inneheld, i staden for maisennamjøl, fluoriserande pulver som fungerer som «smittestoff».

Når du deler ut dei små behaldarane, er det viktig at du veit kven av elevane som er «smittekjelda».

Under handhelsinga er det viktig at du som lærar er tydeleg med elevane, slik at dette blir gjort systematisk. Det er heilt avgjerande for smittesporinga.

Smittespreiing ved handhelsing

  1. Alle får utdelt eit nummer og ein hanske kvar. Tre hansken på høgre hand, og skriv nummeret ditt på handbaken utanpå hansken.
  2. Alle får så utdelt ein behaldar med kvitt pulver. Drypp nokre dropar glyserol i handflata på den hanskekledde handa. Hell deretter ut innhaldet frå behaldaren i handflata, slik at du blandar glyserol og pulver. Gni blandinga godt utover.
  3. Når læraren gir beskjed, er det tid for handhelsing. Då skal du med eit godt handtrykk helse på ein av klassekameratane dine. Skriv ned kva nummer denne eleven har på hansken sin.
  4. Handhelsinga skal utførast totalt tre gonger. Det vil seie at du til saman skal helse på tre ulike medelevar. Hugs å notere ned nummeret til medelevane dine etter kvart handtrykk. Du endar til slutt opp med ein firesifra kode (utdelt nummer – første kontakt – andre kontakt – tredje kontakt) som angir kven du har helst på.
  5. Kven er smitta? Sjekk hansken under UV-lys for å finne ut kven som har blitt smitta. Det fluoriserande pulveret lyser under UV-lys og vil på den måten avsløre kven som er mottakarar av smittestoffet. Noter ned alle elevane som har blitt smitta, og kva nummer desse elevane har på hansken sin.

Aksjon smittesporing

  1. Lag ei felles oversikt som viser kva for nokre elevar som har handhelst på kvarandre, og kven som har blitt smitta. Ta utgangspunkt i den firesifra kontaktkoden til elevane.
  2. Elevane jobbar vidare i grupper og prøver å nøste seg tilbake til kven som var berar av smittestoffet, og som dermed spreidde smitten til smittemottakarane. Bruk den felles oversikta over handhelsinga til alle elevane i klassen.
  3. Drøft i fellesskap korleis kvar enkelt gruppe nøsta seg fram til smittekjelda.

Smittespreiing i eit samfunnsperspektiv

Ei kvinne lagar mat i ei steikepanne. Steikepanna blir fylt med daudinghovud, noko som illustrerer at kvinna er smitteberar av bakterien Salmonella typhi, som kan gi tyfoidfeber. Illustrasjon i svart-kvitt.

Les historia om Mary Mallon.

  1. Set opp ei smittekjede som beskriv smittespreiinga i historia.
  2. Kunne spreiinga av Salmonella typhi vore hindra på andre måtar enn den som er beskriven i historia?
  3. Kva vi kan lære av denne tragikomiske historia om smittespreiing?

Kjelde

Naturfag.no. (u.å). Illustrer en smittekjede. Henta 3. oktober 2020 frå https://www.naturfag.no/forsok/vis.html?tid=2259328

CC BY-SASkrive av Camilla Øvstebø.
Sist fagleg oppdatert 14.01.2022

Læringsressursar

Mikroorganismar