Hopp til innhald

Fagstoff

Bakteriar

Det går ikkje an å tenkje seg livet på jorda utan bakteriar. Dei finst overalt og er tilpassa eit liv i mange ulike miljø. Bakteriar kan forårsake sjukdommar hos dyr og menneske, men dei fleste er ufarlege, og mange er heilt naudsynte for oss.

Oppbygning

Arvematerialet til bakteriar består av eitt einaste kromosom. Dette ligg ubeskytta i cytoplasma – og ikkje i ein cellekjerne, slik det gjer hos plante- og dyreceller. I tillegg har mange bakteriar små, sirkulære DNA-sekvensar som vi kallar plasmidar. Dette arvestoffet er ikkje naudsynt for bakterien «i det daglege», men informasjonen her kan brukast til å lage enzym som bakterien treng under vanskelege miljøforhold.

Teikninga viser korleis ein bakterie er oppbygd. Desse delane er nemnde: plasmid, ribosom, kromosom, fimbriar/pili, flagell, slimkapsel, cellevegg, cellemembran, cytoplasma/cytosol, næringspartikkel.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bakteriar har ein cellemembran som slepper næringsstoff inn og fraktar avfallsstoff ut. Utanpå cellemembranen er det ein cellevegg, og han kan vere dekt av eit slimlag. Flagellar og ciliar er organ som blir brukte til bevegelse.

Teikning og bilete av nokre vanlege bakterietypar: kokk, stav, vibrion, spiril og spiroket.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Formeiring

Bakteriar formeirar seg ved todeling. Dette gjer at bakteriane er klonar av kvarandre, og dermed genetisk like individ. Sidan arvestoffet kan endre seg (mutere), er det likevel variasjon mellom bakteriar som stammar frå same celle.

Bakteriar kan òg overføre arvemateriale seg imellom gjennom ulike prosessar. Sidan kvar bakterie deler seg i to ved formeiring, kan nokre få bakteriar raskt auke til mange millionar.

Illustrasjonen viser kor mange bakteriar vi får i kvar bakteriegenerasjon, når kvar celle deler seg i to nye celler: I generasjon 0 er det 1 celle, i generasjon 1 er det 2 celler, i generasjon 2 er det 4 celler, og i generasjon 3 er det 8 celler.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Skadelege bakteriar

Eit fåtal bakteriar er skadelege for oss. Desse bakteriane kallar vi patogene bakteriar. Bakteriane kan produsere giftstoff som skadar eller hemmar celler i kroppen vår. Vi kan bruke antibiotika, til dømes penicillin, til å kjempe mot skadelege bakteriar.

Illustrasjonen inneheld ei skjematisk framstilling av ein naken menneskekropp, med døme på sjukdommar som blir forårsaka av bakteriar. Bakteriar som E. coli og salmonella kan til dømes forårsake matforgifting, mens streptokokkar kan forårsake mellom anna halsbetennelse.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Nyttige bakteriar

Mange bakteriar er nyttige for oss menneske. Ja, nokon er faktisk heilt naudsynte.

I tarmen vår bidreg bakteriar til å produsere K-vitamin. Andre bakteriar bidreg til å verne kroppen mot skadelege organismar.

Figuren viser teikningar av ulike situasjonar der bakteriar er nyttige: Dei inngår i kroppens forsvar, i produksjon og konservering av mat, i produksjon av medisinar, i fordøyelse og produksjon av K-vitamin, i tiltak mot skadedyr og i nedbryting av dødt organisk materiale.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bakteriar blir brukte både til å framstille matvarer og til å gjere matvarene meir haldbare.

Ved å endre på arvestoffet i bakteriane kan vi bruke dei til å produsere medisinar, til dømes insulin.

Antibiotika

Sidan bakteriar er levande, kan vi bruke antibiotika for å kjempe mot dei (frå gresk har vi anti, som betyr mot, og bios, som betyr liv). Nokre gonger blir bakteriar motstandsdyktige mot visse typar antibiotika. Vi seier at dei er resistente. Antibiotikaresistens er problematisk fordi det antibiotikumet vi har, etter kvart vil få mindre effekt. Det vil ta lengre tid å behandle sjukdommar, og sjukdommar som vi tidlegare har rekna som ufarlege, kan bli livstruande.

Ei anna ulempe med antibiotika er at desse medisinane òg tek knekken på dei nyttige bakteriane. Dette gjer at kroppen blir meir sårbar for andre typar infeksjonar.

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 15.05.2020

Læringsressursar

Mikroorganismar