Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er mikroorganismar?

Mikroorganismar er så små at vi ikkje kan sjå dei utan mikroskop. Det finst veldig mange ulike typar mikroorganismar. Nokre kan gjere oss sjuke. Andre er nyttige og heilt nødvendige.
Boksar med fargar og clip-art som viser ulike typar mikroorganismar: bakteriar, virus, sopp, algar og eincella organismar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Mikroorganismar er små og ulike

Organismane i gruppa mikroorganismar har ikkje blitt plasserte der fordi dei liknar på kvarandre, eller fordi dei er i slekt. Det dei har til felles, er at dei er så små: Vi må bruke mikroskop for å kunne sjå enkeltindivid. Men når dei blir fleire, kan dei danne så store koloniar at vi kan sjå dei med berre auga.

Til gruppa mikroorganismar reknar vi

  • bakteriar
  • virus
  • sopp
  • algar

  • andre små eukaryotar

Enkelte organismar blir rekna som mikroorganismar sjølv om vi kan sjå dei utan mikroskop. Døme på dette er parasittane bendelorm, barneorm og trikin.

Oversikt over storleiken til ulike typar mikroorganismar. I stigande rekkefølge ser vi desse organismane: atom, C60-molekyl, feittstoff, protein, poliovirus, influensavirus, meslingvirus, mitokondrie og bakterie, raud blodcelle, plantecelle og dyrecelle, pollen og menneskeegg, og froskeegg. Organismane frå C60-molekyl til og med bakterie er synlege i elektronmikroskop. Organismane frå influensavirus til og med froskeegg er synlege i lysmikroskop. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Film om prokaryote og eukaryote organismar

I gruppa mikroorganismar inngår organismar som er bygde opp av både prokaryote og eukaryote celler. I denne filmen blir du kjend med likskapar og forskjellar mellom dei ulike celletypane. I tillegg lærer du meir om bakteriecella, det eincella tøffeldyret, dyrecella og plantecella.

Mikroorganismar er både nyttige og skadelege

Dei fleste mikroorganismane er harmlause for oss. Mange av dei er faktisk nyttige, og nokre er heilt nødvendige. I naturen speler mikroorganismar ei heilt avgjerande rolle som nedbrytarar i økosystem.

Vi menneske bruker mikroorganismar til å lage mat og medisinar. Dei finst i og utanpå kroppen vår og hjelper oss med å halde oss friske. Nokre få mikroorganismar kan gjere oss sjuke og til og med ta livet av oss. Det er viktig å ta vare på dei nyttige mikroorganismane, samtidig som vi ikkje blir utsette for dei skadelege.

Kunnskap om mikroorganismar gav betre levekår

Mann står ved bord med hund oppå. Mannen held det som kan sjå ut som ei medisinflaske, fram mot hunden. Karikaturteikning.

Vitskapsmannen Louis Pasteur levde i siste halvdel av 1800-talet. Han blir rekna som ein av grunnleggarane av læra om mikroorganismar: mikrobiologi. Han har også gitt namn til prosessen der bakteriar i mjølk blir drepne når mjølka blir varma opp: pasteurisering.

Oppdagingane til dei som jobba med mikrobiologi på denne tida, førte til at folk fekk betre levekår. Dei skjønte nemleg korleis god hygiene og kontroll med drikkevatn og mat kunne hindre utbrot av farlege sjukdommar.

Kjelder

Ignaz Semmelweis. (2020, 27. april). I Wikipedia. Henta 19. mai 2020 frå https://no.wikipedia.org/wiki/ignaz_semmelweis

Louis Pasteur. (2020, 20. januar). I Wikipedia. Henta 19. mai 2020 frå https://no.wikipedia.org/wiki/louis_pasteur

Parker, N. et al. (2016, 1. november). Types of Microorganisms. I Microbiology. OpenStax. Henta 18. mai 2020 frå https://openstax.org/books/microbiology/pages/1-3-types-of-microorganisms

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin og Camilla Øvstebø.
Sist fagleg oppdatert 10.02.2023

Læringsressursar

Mikroorganismar