Øvelse
Oppsummeringsoppgåver om mikroorganismar
Desse oppgåvene tek deg gjennom hovudpunkta i emnet om mikroorganismar.
Lag par ved å finne biletet og ordet som høyrer saman.
Ta utgangspunkt i fasiten til oppgåve 2.
- Kan de finne eigenskapar som er felles for alle desse mikroorganismane?
- Ta stilling til dei alternativa som ikkje er mikroorganismar. Diskuter kvifor dei ikkje blir rekna som det.
- Skriv dykar eigen definisjon av kva vi meiner med mikroorganismar.
- Finn ein definisjon av "mikroorganisme" på nettet. Samanlikn denne definisjonen med definisjonen dykkar. Kva skil forklaringane frå kvarandre? Kva var likt?
- Kva meiner vi med mikroorganismar?
- Gi døme på ulike typar mikroorganismar.
- Korleis formeirar bakteriar seg?
Bakterien E.coli deler seg kvart 20 minutt.
- Kor mange bakteriar kan det danne seg i løpet av 24 timar?
- Kor lang tid vil det ta før det har blitt danna 1 million bakteriar?
- Kva meiner vi med patogene bakteriar?
- Gi døme på sjukdommar som blir framkalla av bakteriar.
- Kva brukar vi antibiotika til?
- Kva meiner vi med antibiotikaresistens? Kvifor er antibiotikaresistens eit problem?
- Korleis formeirar virus seg?
- Kvifor kan vi ikkje kjempe mot bakteriar og virus på same måte?
- Gi døme på at mikroorganismar kan vere nyttige for oss menneske.