Hopp til innhald
Forsøk

Forsøk: Kan de stadfeste femsekunders-regelen?

Du har kanskje høyrt den uskrivne regelen om at dersom du mistar mat på bakken, men tek han opp i løpet av fem sekund, så er det framleis trygt å ete han? I dette forsøket skal de teste om denne regelen er til å stole på.

Hensikt

Bli kjend med ulike mikroorganismar og lær korleis dei veks og spreier seg, samtidig som de bruker vitskapleg metode for å undersøke betydninga av tid i samband med handtering av mat.

Oppgåve

I dette forsøket skal de i grupper designe eit forsøk for å teste femsekunders-regelen.

Del 1. Planleggingsfase

Jobb i grupper på to til fire elevar. Saman skal de designe eit forsøk for å teste om femsekunders-regelen stemmer. Forsøket skal vere mogleg å gjennomføre i løpet av ei undervisningsøkt.

  1. Ha ei idémyldring der de set opp hypotesar. Vel éin hypotese de vil teste ut.

  2. Her er nokre spørsmål det kan vere lurt å tenke på når de planlegg:

    • Korleis kan de teste hypotesen på best mogleg måte?

    • Kva er det som avgjer om mat som blir mista på bakken, er etande eller ikkje?

    • Kva faktorar påverkar vekst av mikroorganismar?

    • Har det noko å seie kva type mat som blir mista?

    • Har det noko å seie noko kva underlag maten blir mista på?

  3. Lag ein detaljert plan over korleis de vil gjennomføre forsøket. Kva skal gjerast når, kva målingar skal de ta, og korleis skal målingane gjennomførast?

  4. Diskuter planen med læraren dykkar før de set i gang.

Del 2. Gjennomføring av forsøket

  1. Finn fram agarskåler til dyrking av mikroorganismar.

  2. Gjennomfør forsøket etter planen de har laga. Hugs å notere korleis de gjennomførte forsøket og eventuelle utfordringar eller feilkjelder.

  3. Skriv namn og annan nyttig informasjon på undersida av agarskålene.

  4. Set skålene med botnen opp i eit varmeskap der temperaturen er 37 °C. La skålene stå i to døgn.

  5. Undersøk mikroorganismane. Ta gjerne bilete av agarskåla med bakteriar for å dokumentere veksten.

Del 3. Dokumentasjon og vidare arbeid

Her kan gruppa anten lage ein film, ein skriftleg rapport eller ein munnleg presentasjon av forsøket. Presentasjonen av forsøket må innehalde design, gjennomføring, resultat, diskusjon og konklusjon. Ha med figurar og bilete undervegs.

Presentasjon av resultat

  1. Kva er den avhengige og den uavhengige variabelen i forsøket?

  2. Korleis kan de presentere resultata frå forsøket på best mogleg måte?

Diskusjon og konklusjon

  1. Beskriv resultata dykkar.

  2. Gi ei forklaring av resultata de har komme fram til.

  3. Korleis vil de vurdere styrkar og svakheiter av metoden dykkar?

  4. Kan de sjå effekten av ulike underlag? Grunngi svaret.

  5. Kan de sjå effekten av ulike typar mat? Grunngi svaret.

  6. Kva feilkjelder noterte de, og korleis kan feilkjeldene tenkast å ha påverka resultata de har fått?

  7. Kan de bruke resultata dykkar til å seie noko generelt om samanhengen mellom tida maten ligg på bakken og vekst av mikroorganismar? Diskuter.

  8. Vart hypotesen verifisert? Eller vart han falsifisert og må forkastast på bakgrunn av dette forsøket? Diskuter.

  9. Prøv å samanfatte det de har lært av forsøket, i tre hovudpunkt. La desse vere ein del av konklusjonen dykkar.

Del 4. Samanlikn alle resultata i klassen

  1. Samle resultata til alle gruppene i eit rekneark, og samanlikn resultata for heile klassen. Kva er likt? Kva er ulikt?

  2. Del erfaringar med kvarandre. Kva fungerte? Kva burde ha vorte gjort annleis?

Kjelde

Forsøket er utarbeidd med utgangspunkt i artikkelen
Boquist, B. T. (2014, 13. mars). Nå er fem-sekunders-regelen bekreftet som sann. Tek.no. Henta 5. mai 2022 frå https://www.tek.no/nyheter/nyhet/i/mrydgo/naa-er-fem-sekunders-regelen-bekreftet-som-sann

Relatert innhald