Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Forsøk: Handtering av smitteavfall

Her skal de undersøke korleis de på ein forsvarleg måte kan handtere smitteavfall og utstyr som har vore i kontakt med mikroorganismar.
Gul plastdunk merkt smitteavfall full av agarskåler med dyrka mikroorganismar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Føremål

I dette forsøket skal de undersøke ulike metodar for å handtere smitteavfall.

Bakgrunn

På skulelaboratoriet har vi ikkje tilgang til like mykje utstyr som i arbeidslivet. Likevel må vi finne metodar vi kan bruke for å handtere avfallet vårt på ein sikker måte. Alt avfall som inneheld levedyktige mikroorganismar, og som kan forårsake sjukdom hos menneske eller andre levande organismar, blir rekna som smitteavfall.

Etter dyrking av mikroorganismar er det derfor viktig at dette materialet blir handtert på ein sikker måte, slik at vi ikkje utset oss sjølve eller andre for smitterisiko ved at dei dyrka mikroorganismane blir spreidde rundt i miljøet.

Desinfeksjon

Desinfeksjon er ein prosess som uskadeleggjer mikroorganismar, og som kan brukast for å handtere smitteavfall. Det finst fleire metodar for desinfeksjon:

Varmedesinfeksjon
Vi kan bruke varmt vatn eller vassdamp på temperaturar rundt 85–100 °C. Det er òg mogleg å bruke tørrvarme, men dette krev høgare temperaturar eller lengre verketid.
Kjemisk desinfeksjon
Vi kan bruke ulike kjemikal, til dømes Klorin-løysning (10 %) eller etanol (70 %).
Mikrobølgedesinfeksjon
Mikrobølger kan brukast til å inaktivere mikroorganismar. Pass på at materialet er fuktig, slik at det ikkje tek fyr.
Forbrenning
Vi kan brenne avfallet.
Labutstyr som viser ulike situasjoner der noe blir desinfisert. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Diskuter

Diskuter handtering av smitteavfall generelt og dei ulike metodane for å desinfisere mikroorganismar.

Planlegg, undersøk og presenter

Denne oppgåva kan gjerne gjennomførast som ei gruppeoppgåve der kvar gruppe tek for seg éin metode.

  1. Planlegg eit forsøk der de undersøker korleis metoden for desinfeksjon påverkar mikroorganismane de sjølve har dyrka fram. Hugs å risikovurdere forsøket.
  2. Etter rettleiing frå lærar skal de utføre forsøket. Fotografer og dokumenter undervegs.
  3. Lag ein presentasjon der de beskriv metoden de testa, fordelar og ulemper ved metoden, sjølve gjennomføringa av forsøket og resultata de fekk.

Tips!

Avfallsmengde, temperatur, val av kjemikal og verketid er faktorar som kan påverke resultatet av dei ulike metodane for desinfeksjon.
Dette er derfor faktorar det kan vere lurt å tenke gjennom når de planlegg og gjennomfører forsøket. De må òg tenke gjennom korleis de kan dokumentere om metoden verkar.

Etterarbeid

Diskuter og vurder alle metodane og resultata felles i klassen. Kva metode fungerte best for handtering av smitteavfall? Kvifor? Sjå spesielt på desse punkta:

  1. Var metoden enkel å bruke?
  2. Kor effektiv var metoden?
  3. Kva var fordelane og ulempene ved metoden?
  4. Kva gjer de vidare med avfallet?

Kjelder

Store norske leksikon. (2019, 5. september). Desinfeksjon. Henta 9. oktober 2020 frå https://sml.snl.no/desinfeksjon

Statens legemiddelverk (2022, 6. januar). Bruk av desinfeksjonsmidler. Henta 18. desember 2022 frå https://legemiddelverket.no/bivirkninger-og-sikkerhet/rad-til-helsepersonell/bruk-av-desinfeksjonsmidler

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Camilla Øvstebø .
Sist fagleg oppdatert 09.10.2020

Læringsressursar

Mikroorganismar