Hopp til innhald

Fagstoff

Tillaging av hummar

Hummar er ei eksklusiv delikatesse som vi må behandle på riktig måte for å få fram den gode smaken.

Hummarfisket er strengt regulert for å få opp bestanden. Den norske hummarsesongen er frå 1. oktober til 31. desember (med nokre lokale unntak). Du kan elles få tak i fersk hummar heile året, men då er han importert. Når du kjøper fersk hummar, skal han alltid vere levande.

Tillagingsmetodar

Hummar er ei flott råvare som kan lagast til på ulike måtar. Mange føretrekkjer å koke hummaren og servere han med berre litt majones og sitron på ei skive ferskt brød.

Du kan òg steikje eller grille hummaren – eller gratinere han med eit godt kryddersmør. Ei anna moglegheit er å nytte kjøtet til farse og lage fine mousselinar til forrett. Eventuelt kan du lage hummarfrikassé eller hummarsuppe.

Hummarskal er ypparleg å koke kraft på.

Avlive hummar

Dyrevelferdslova krev at levande dyr skal bedøvast eller avlivast på ein forsvarleg måte, slik at ikkje dyret blir påført unødig smerte.

Det er derfor forbode å koke dyr levande, men det er gjort unntak frå dette forbodet når det gjeld krepsdyr. Det kjem mellom anna av at det i praksis er umogleg å avlive éi og éi reke. Hummar skal derimot ikkje avlivast ved levandekoking. Han må i staden avlivast eller bedøvast før koking. Det gjer vi ved å kløyve den fremste delen av hovudet med ein skarp kniv.

Koke hummar

  1. Kok opp ei gryte med vatn som er tilsett ca. 50 gram salt per liter vatn.

  2. Avliv den levande hummaren ved å stikke ein skarp kniv i krysset på toppen av hovudet, og kløyv hovudet.

  3. Slepp hummaren ned i det kokande vatnet, og gi vatnet eit oppkok. Koketida avheng av storleiken på hummaren. Ein hummar på 500 gram treng ca. 12 minutt. Ein hummar på 1 kilo treng ca. 18 minutt.

  4. Når hummaren er ferdigkokt, tek vi han ut av gryta og over i isvatn, liggjande med ryggen ned.

Lettkoke hummar

Viss du har tenkt å steikje hummaren, må du først få han ut av skalet. Det gjer du ved å koke hummaren veldig lett, slik at han akkurat slepper skalet, men framleis er rå inni. Avkjøl deretter hummaren i isbad, og ta av skalet.

Dele opp kokt hummar

Relatert innhald

Ei god skaldyrkraft dannar utgangspunktet for sausar til bruk i fiske- og pastarettar, supper og skaldyrrisotto.

CC BY-SASkrive av Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 12.10.2022

Læringsressursar

Skaldyr