Hopp til innhald

Fagstoff

Tillaging av kamskjel

I Noreg har vi fantastisk gode kamskjel med ein mild og søtleg smak. Denne delikatessa passar ypparleg som forrett, men kan òg serverast som hovudrett.

Tillagingsmetodar

Kamskjel treng lite varmebehandling og eignar seg derfor godt til eit kort opphald i steikepanna eller på grillen. Skjela må ikkje varmebehandlast for lenge, for då kan dei få ein gummiaktig konsistens.

Kamskjel kan òg serverast rå, til dømes som sushi, carpaccio eller tartar.

Reinse kamskjel

Steikje kamskjel

  1. Reins kamskjela, slik at du sit igjen med dei kvite musklane.

  2. Varm ei panne, ha i litt nøytral olje, og legg i kamskjelmusklane.

  3. Steik skjela på den eine sida på middels til høg varme, slik at dei får ein fin, gyllen farge. Krydre med salt og pepar.

  4. Snu skjela, og ha i litt smør og eit knust kvitlauksfedd med skal. Krydre med salt og pepar også på denne sida, og press over nokre dropar med sitronsaft.

Ikkje steik kamskjela for lenge. Dei skal ikkje vere heilt gjennomsteikte. Heile steikinga skal ikkje ta meir enn 2–3 minutt, avhengig av storleiken på muskelen.

CC BY-SASkrive av Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 20.09.2021

Læringsressursar

Skaldyr