Tillaging av blåskjel
Blåskjel blir vanlegvis dampa og serverte naturell eller med ulike typar tilbehøyr. Den klassiske retten moules frites består av dampa blåskjel serverte med pommes frites, aioli eller majones og litt sitron. Blåskjela eignar seg òg mellom anna til gratinering, i frikassé eller i suppe. Dei kan dessutan serverast rå, slik som østers.
Blåskjel finst i store mengder i fjøra, og mange liker å sanke blåskjel sjølv. Dei kan plukkast heile året, men er oftast best om hausten og om vinteren til tidleg vår. Hugs å sjekke blåskjelvarselet før du plukkar!
Vask og reins blåskjela slik det er beskrive over.
Finkutt lauk og kvitlauk.
Fres lauk og kvitlauk forsiktig i litt olje i ein kjele. Tilset tørr kvitvin, og lat alt koke i 1–2 minutt.
Tilset blåskjela, og set på lokk. Kok på sterk varme til blåskjela opnar seg.
Roter litt på kjelen undervegs, slik at alle blåskjela blir likt dampa. Når blåskjela har opna seg, er dei klare.
Dryss over finhakka urter, og server.
Krafta som er igjen i kjelen, har masse smak og kan serverast saman med blåskjela, gjerne tilsett fløyte eller kokosmjølk og servert som ei suppe.