Hopp til innhald

Fagstoff

Tillaging av sjøkreps

Sjøkreps er ei eksklusiv råvare med fint kjøt og mild smak. Han er i nær slekt med hummaren, men er mindre i storleik og har slankare klør. Han blir òg kalla jomfruhummar, keisarhummar eller bokstavhummar.
Ein sjøkreps ligg på eit svaberg med ein sjø i bakgrunnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tillagingsmetodar

Det er vanleg å koke sjøkrepsen og servere han naturell med loff, smør og majones. Kokt kan du nytte han i salatar og som garnityr i supper og gryter. Av skalet kan du lage ei nydeleg skaldyrkraft, som er eit godt utgangspunkt for saus og suppe.

Krepsehalen kan råsteikjast og serverast som forrett. Sjøkreps eignar seg òg godt til gratinering i steikjeomn eller på grill. Pass på at du ikkje varmebehandlar krepsen for hardt og lenge. Då kan kjøtet bli hardt og smaklaust.

Sjøkreps kan gjerne serverast rå som carpaccio, tartar eller sushi.

Hugs at heil fersk sjøkreps skal vere levande. Er han slapp og lite aktiv, bør du velje ein annan. Sjøkreps kan fiskast heile året.

Koke kreps

Krepsen skal avlivast før koking. Korleis dette skal gjerast, kan du lese om på Mattilsynet sine sider om avliving.

  1. Kok opp ei gryte med vatn tilsett ca. 40 gram salt per liter vatn.

  2. Avliv den levande sjøkrepsen ved å stikke ein skarp kniv i krysset på toppen av hovudet, og kløyv hovudet.

  3. Slepp sjøkrepsen ned i det kokande vatnet, og kok krepsen i 5–8 minutt, avhengig av storleiken.

  4. Ta krepsen opp, og lat han renne av og avkjøle seg liggjande på ryggen.

  5. Server med godt brød, smør, sitron og majones eller aioli.

Steikje sjøkrepshalar

  1. Avliv krepsen, og del halen frå hovudet ved å vri og dra krepsen frå kvarandre. Det er vanskeleg å reinse sjøkrepshalane når dei er heilt ferske. Eit godt tips er å leggje halane på frys ei stund og deretter tine og reinse dei. Då slepp kjøtet lettare frå skalet.

  2. Skrell halane ved å knekkje og pille av eitt og eitt ledd frå den tjukkaste delen og ned mot halen.

  3. Nedst ved halen klemmer du tommel og peikefinger saman over den midtarste delen av skalet mens du forsiktig lirkar ut halekjøtet. Som oftast følgjer tarmen med. Gjer han ikkje det, må du pirke han ut med ein spiss kniv.

  4. Varm opp ei steikjepanne med litt nøytral olje.

  5. Legg dei reinsa sjøkrepshalane i panna med den runde sida ("ryggen") ned.

  6. Steik til halane har vorte litt gylne, og tilset litt smør og eventuelt litt kvitlauk og urter. Krydre med litt salt og pepar, og aus smøret over sjøkrepshalane.


Oppdelte grønsaker og skal frå sjøkreps i ei gryte. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

CC BY-SASkrive av Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 29.09.2021

Læringsressursar

Skaldyr