Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Nyare metningsgarnityr – bruk og næringsinnhald

Etter å ha jobba med temaet belgfrukter og korn kan du prøve deg på desse oppgåvene.
Bønnegryte med erter, hestebønner, kvite bønner, gulrot, raudlauk, graslauk og persille i smørsaus. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Er du mest van med å nytte tradisjonelt metningsgarnityr som poteter, pasta og ris, eller nyttar du òg nyare typar som belgfrukter og ulike kornprodukt?

  2. Kjenner du til nokon matrettar som inneheld belgfrukter? Gi døme.

  3. Mange påstår at belgfrukter er ein berekraftig matressurs. Er du einig i denne påstanden? Grunngi svaret ditt.

  4. Ein tradisjonell middagsrett i Noreg er steikt laks med agurksalat, rømme og kokte poteter. Viss du tek bort potetene, kva slags nyare metningsgarnityr synest du kunne passe til denne retten? Kvifor?

  5. Bruk kosthaldplanleggjaren, og samanlikn fiber- og proteininnhald i kvit ris, bulgur og quinoa. Kva fann du ut?

CC BY-SASkrive av Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 17.08.2021

Læringsressursar

Belgfrukter og korn