Hopp til innhald
Oppgåve

Øv deg på å nytte andre metningsgarnityr

Potet er det mest nytta metningsgarnityret i det tradisjonelle kjøkkenet, men også ris og pasta er populært. I denne oppgåva skal du øve deg på å nytte andre metningsgarnityr enn den tradisjonelle poteta.

Oppgåve 1

Finn ut kva som blir meint med andre metningsgarnityr enn potet, og kva "nyare" metningsgarnityr er.

Finn oppskrifter på diverse "nyare" metningsgarnityr.

Oppgåve 2

Læraren deler klassen inn i tre grupper som førebur seg ved å finne oppskrifter til kvar si oppgåve.

  • Gruppe 1: Lag ein tradisjonell fiskerett med to grønsakstillagingar, valfri saus og metningsgarnityr som ikkje er laga av potet.

  • Gruppe 2: Lag ein rett av kyllingbrystfilet, to grønsakstillagingar, valfri saus og metningsgarnityr som ikkje er laga av potet.

  • Gruppe 3: Lag ein rett med ytrefilet av okse eller vilt, to grønsakstillagingar, valfri saus og metningsgarnityr som ikkje er laga av potet.

Oppgåve 3

Kvar gruppe presenterer retten dei har laga, for resten av klassen på ein buffé. Forklar kvifor de valde det metningsgarnityret de valde. Alle skal smake på alle rettane.

Oppgåve 4

Vurder dei rettane du har smakt på. Korleis synest du rettane vart utan den tradisjonelle poteta? Er det nokon av rettane som fungerte godt utan potet? Sakna du potet i nokon av rettane?