Hopp til innhald
Fagartikkel

Korn og frø som metningsgarnityr

Ikkje eit vondt ord om verken poteter, pasta eller ris, men det kan vere gøy å variere metningsgarnityret litt og tilføre retten andre smakar og konsistensar.

Couscous, bulgur, polenta, quinoa, byggryn og perlespelt er døme på ulike produkt av korn og frø som kan nyttast som alternativ til dei tradisjonelle metningsgarnityra.

Tilfør smak

Dei fleste korn- og frøtypane smaker ikkje så mykje i seg sjølv, og bør derfor tilførast smak. Det kan du gjere ved å koke dei i kraft, lauk og krydder, eller ved å tilsetje urter, krydder, grønsaker og dressingar etter kokinga.

Næringsinnhald

Mange av desse korn- og frøprodukta er sunne alternativ til både ris, pasta og poteter, sidan dei inneheld mykje fiber og protein.