Hopp til innhald

Fagstoff

Tillaging av byggryn

Nye mettingsgarnityrer er på veg inn i kokekunsten. Det å nytte andre råvarer enn poteter og ris er noko du vil møte på i karrieren din. Her får du sjå korleis du kan lage byggotto og byggrynpasta som eit alternativt mettingsgarnityr.

Bygg er eit korn med lang historie over heile verda, og det er òg blant dei kornslaga det blir produsert mest av.

Bygg blir foredla til mjøl og byggryn og er eit brukande alternativ til ris i fleire ulike rettar, som graut, byggotto, blanda med kveitemjøl i brød eller som garnityr i supper.

Visste du at bygg inneheld mellom seks og åtte prosent av det løyselege kostfiberet betaglukan? Og at det er med på å redusere innhaldet av kolesterol i blodet vårt? Bygg er òg populært hos dei som trenar mykje, fordi det tek lengre tid før det blir brote ned i tarmen, og derfor kjenner ein seg mett lenger etter å ha ete det.

I Noreg går berre tre prosent av all byggproduksjonen til mat, resten blir dyrefôr. Vi kan gjere noko med dette ved å ta i bruk meir byggryn i menyane våre. Bygg blir òg nytta i ølbrygging og i whiskyproduksjon.

Oppskrifter

Her får du oppskrifter på byggotto og byggrynpasta.

Byggotto

Byggotto er den nordiske risottoen og blir kokt på same måte som ein risotto. Du kan lage han i tallause smaksvariantar. Denne byggottoen inneheld ramslauk, grønsakskraft og riven ost.

Ingrediensar

Ein tallerken med ramslaukbyggotto. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

  • 200 g byggryn

  • 40 g usalta smør

  • 50 g finhakka sjalottlauk

  • 100 g kvitvin

  • 700 g grønsakskraft

  • 75 g ramslaukspesto

  • 20 g finsnitta graslauk

  • 100 g riven parmesan

  • 1–2 ts sitronsaft

  • salt

  • kajennepepar

Framgangsmåte

  1. Varm opp grønsakskrafta til rett under kokepunktet.

  2. Sauter lauken i smøret over middels varme til lauken har vorte blank og mjuk. Tilset vin og bygg, og la det koke til væska er redusert til ein tredel.

  3. Tilset grønsakskrafta i tre omgangar mens du rører heile tida. Dette er for at stivelsen skal binde opp væska i byggottoen. Tilsett meir kraft etter at ho har kokt inn til ein tredel.

  4. Når du har tilsett all krafta og ho har kokt inn, tilset du riven parmesan, ramslaukspesto, graslauk og smaker til med salt, kajennepepar og sitronsaft.

Byggotto smaker best når han er nylaga. Eit kjekt triks er å stoppe kokeprosessen ved å leggje byggottoen på eit brett med plastfolie med hol i over, og kjøle ned byggottoen. Dette gjer vi før vi har tilsett ramslaukspesto, graslauk og parmesan.

Så når gjestene har sett seg, koker du opp risottoen i resten av grønsakskrafta, og trekkjer kjelen til side før du tilset dei siste ingrediensane, smaker til og serverer.

Byggrynpasta

Pasta er eit mettingsgarnityr som i hovudsak er laga av egg og mjøl, men det blir òg laga med vatn, bønnemjøl, linsemjøl, rismjøl eller med grønsaker. Pasta er ein rett som alle har eit nært forhold til, og det kjem i ei rekkje former, fargar og fasongar.

Byggrynpasta er eit flott alternativ til vanleg pasta, det er sunt, smaker fantastisk og kan nyttast til nesten alt. Vi skal nå lage ein pastadeig med byggrynmjøl som vi skal rulle ut og så lage tagliatelle og linguini.

Ingrediensar

Byggrynspasta som spagetti og tagliatelle liggjande på ein benk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

  • 200 g byggmjøl

  • 300 g kveitemjøl

  • 12 eggeplommer

  • 2 egg

  • 20 g mjølk

  • 20 g olivenolje

Framgangsmåte

  1. Veg opp alle ingrediensane, og skil egga. (Eggekviten kan du nytte i marengs, til klaring av supper eller til ein herleg sufflé. Eggekvite held seg lenge på kjøl.)

  2. Bland saman eggeplommer, egg, mjølk og olivenolje i ein bolle.

  3. Ha mjølet i ein bolle og lag ei grop i midten. Tilsett all væska i gropa, og rør berre i midten av bollen, gjerne med ein gaffel. Rør inn litt og litt av mjølet i eggeblandinga til det har vorte ein smidig, homogen masse. Kna deigen i 5 minutt. Pakk han godt inn og la den kvile i ein time på kjøl.

  4. Rull pastadeigen til riktig tjukn på ei pastamaskin, kutt deretter pastaen i ønsket breidde. Pastaen kan tørkast for bruk seinare, bli frosen, eller kokast med ein gong.

CC BY-SASkrive av Tony Martin.
Sist fagleg oppdatert 05.05.2021

Læringsressursar

Belgfrukter og korn