Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Tillaging av egg

I denne oppgåva skal du jobbe med egg. Denne råvara kan lagast til på mange ulike måtar og gir kroppen dei fleste næringsstoffa vi treng.
Omelett på tallerken med tomat, laks og salat. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 1

Gå saman i grupper på tre eller fire elevar. De skal nå lage forslag til tre ulike rettar der egg er hovudråvara. I tillegg til egg skal retten innehalde grønsaker, brød og ein saus. Dette skal vere ein lunsjrett.

Del 2

Planlegg og produser éin av dei tre rettane gruppa kom med forslag til i del 1. De skal presentere retten for resten av klassen på ein buffé. Alle elevane skal så vurdere rettane etter smak, konsistens og utsjånad. Kva rett vart den beste?

Del 3

Kva drikke passar til den retten de har presentert? Kom med forslag til både varm og kald drikke.

Del 4

Legg heile retten inn i Kostholdsplanleggeren. Finn ut kva næringsstoff denne retten inneheld. Kva kan du eventuelt endre på for at denne retten skal passe inn i dei nasjonale kosthaldsråda?

CC BY-SASkrive av Einar Martin Kålen.
Sist fagleg oppdatert 04.01.2023

Læringsressursar

Egg