Hopp til innhald
Fagartikkel

Berekraftig bruk av egg

Egg er både næringsrikt og anvendeleg. Egg blir nytta i dessertar, sausar, bakverk, som eigne varmrettar eller til restemat. Haldbarheita til egg er lang viss dei blir oppbevarte kjølig. Å kaste egg er derfor unødvendig om du oppbevarer egga på riktig måte.

Egg og haldbarheit

Ifølgje datostemplinga har egg ei haldbarheit på 28 dagar, men norske egg har mykje lengre haldbarheit enn datostemplinga tilseier. Derfor kan du trygt ete egg fleire veker etter at dei har gått ut på dato om dei er oppbevarte på ein mørk og kjølig stad.

Bruk av egg og restar av egg

Egg tilfører ein rett smak, tekstur og næringsstoff. Egg er svært anvendelege og kan nyttast i mange rettar. Det finst få grunnar til å la egg blir oppbevarte så lenge at dei blir for dårlege til å nyttast i matlaging.

Egg gjer det enkelt å lage god restemat: Har du restar av kjøt, poteter og grønsaker, kan du steikje dette og blande det med egg til omelett eller steikje det som pytt i panne og anten røre inn egg eller steikje egg ved sida av.

På eit hotellkjøkken kan det vere restar av kokte egg etter frukost. Desse kan vi nytte som garnityr i supper eller blande i ein eggesalat.

Når vi produserer dessertar, nyttar vi ofte berre plommene eller berre kvitane av egget. Det er dumt å kaste restane, så planlegg heller neste dessert slik at du får nytta heile egget. Viss du merkjer plommene eller kvitane godt med tal og dato, er det enklare å nytte dei i andre dessertar. Det kan uansett vere greitt å vite at éin desiliter svarer til fire eggekvitar og éi matskei svarer til éi eggeplomme.

Eggekvitar

Eggekvitar som er til overs, kan du fint setje i kjøleskapet og nytte neste gong du treng eggekvitar. Dei toler å stå i opptil to veker før kvaliteten blir dårlegare. Det går òg fint an å fryse eggekvitar og ta dei opp når du har bruk for dei. Eggekvitane beheld eigenskapane sine sjølv etter frysing, og dei kan stivpiskast til til dømes marengs. Av marengs kan du lage pavlova eller pikekyss.

Andre ting vi kan nytte eggekvitar til, er nøttebotn, marsipan, kransekake, makronar, kokosmakronar, kokosbollar – eller kake og trollkrem. Vi kan òg tilsetje stivpiska eggekvitar i formkaker for ekstra luftigheit.

Eggeplommer

Eggeplommer bør vi nytte i løpet av eit par dagar, elles bør vi røre dei saman med litt sukker og fryse dei. Vi nyttar eggeplommer når vi lagar is, karamellpudding, crème brûlée, vaniljesaus eller vaniljekrem, eggekrem, majones, hollandés, bearnés og fruktcurd for å nemne noko.

Vi kan òg erstatte eitt egg med to eggeplommer i til dømes vaflar, pannekaker og sveler.

CC BY-SA 4.0Skrive av Einar Martin Kålen og Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 07.04.2021