Hopp til innhald
Oppgåve

Korleis lage ei best mogleg eggerøre?

Å lage eggerøre er i utgangspunktet ei enkel oppgåve, men å lage ei eggerøre med riktig konsistens og smak krev erfaring og kunnskap. Når du tilset salt, påverkar det ferdige resultatet.
Video: Amendor AS / CC BY-SA 4.0

Del 1

  1. Lag eggerøre som vist i videoen ovanfor.

  2. Vurder konsistens og smak på eggerøra.

Del 2

  1. Lag eggerøre på same måte som over, men vent med å tilsetje saltet til heilt på slutten av tillaginga.

    Tips! Søk opp "Gordon Ramsey scrambled eggs" på YouTube. Her viser den kjende kokken korleis han lagar eggerøre på sin måte og tilfører salt til slutt.

  2. Vurder konsistens og smak på eggerøra.

  3. Vart det nokon skilnad i smak og konsistens på eggerøre 1 og 2? Kva for ei vart best, synest du?

CC BY-SA 4.0Skrive av Einar Martin Kålen.
Sist fagleg oppdatert 28.04.2021