Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Serveringsteknikk

Det finst fleire måtar å servere ein gjest på. Ei korrekt servering krev god kunnskap, teknikk og førebuing. Mise en place betyr at du har alt på rett plass når du treng det.
Servitør legg mat på tallerkenen til ein gjest. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Teoretisk oppgåve

  1. Kva er fransk servering, og kva mise en place trengst?

  2. Kva er engelsk servering, og kva mise en place trengst?

  3. Kva er amerikansk servering, og kva mise en place trengst?

  4. Kva er russisk servering, og kva mise en place trengst?

  5. Kva side serverer ein frå i dei ulike serveringsteknikkane?

Praktisk oppgåve

  1. Du skal dekke opp eit bord til fire gjestar der menyen består av suppe, fisk hovudrett, kvilerett, kjøtt hovudrett og dessert. Hugs òg drikke til maten.

  2. Suppa skal serverast amerikansk, hovudrett fisk blir servert engelsk, kvileretten blir servert amerikansk, hovudrett kjøtt blir servert fransk, og desserten skal flamberast. Lag ein arbeidsplan over korleis du må dekke, og kva slags mise en place du må klargjere.

  3. Du skal legge på duk og dekorere bordet etter eige ønske. Hugs rett rekkefølge i arbeidet.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Hege Resell Amdahl.
Sist fagleg oppdatert 15.06.2022

Læringsressursar

Servering