Hopp til innhald

Fagstoff

Å vere profesjonell yrkesutøvar

Servitøryrket er både givande og slitsamt. Kvardagen kan vere stressande, og i tillegg er det mange daglege rutinar som krev at du er 100 prosent til stades. Arbeidet kan vere fysisk hardt, for du ber på noko stort sett heile tida. I løpet av ei arbeidsøkt går du dessutan mange kilometer.
Smilande kvinneleg servitør står ved ein dataskjerm og held ein kortautomat i handa på ein restaurant. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Personlege eigenskapar

Jobbar du som servitør, må du vere blid og imøtekomande, også på dei dagane du ikkje kjenner deg heilt på topp. Det er ille for gjestane å møte ein servitør som er sur! Ein servitør må òg vere effektiv og kunne halde hovudet kaldt i travle periodar.

Ein servitør vil dagleg møte menneske med ulike ønske og krav. Derfor må du ha evna til å ta ting på sparket og finne kreative løysingar om naudsynt. Før eller seinare vil du òg møte vanskelege og uforskamma gjestar eller kollegaer. Hugs at du i slike situasjonar skal opptre høfleg og korrekt.

Personleg framferd

Måten du opptrer på i restauranten eller matsalen, vil alltid bli lagd merke til. Ver klar over at du blir nøye observert av gjestane. Ikkje nødvendigvis med eit kritisk blikk, men rett og slett fordi det er naturleg. Det er derfor viktig at du har gode vanar.

Som servitør er du bedrifta sitt ansikt mot omverda. Det er ditt ansvar å gi gjestane ei god og minnerik oppleving. Det igjen krev at du har god fagkunnskap og gode menneskekunnskapar. Du skal utføre oppgåvene dine på ein slik måte at gjestane kjenner seg velkomne og hyggjer seg på serveringsstaden.

God kontakt med gjestane

Smilande, ung mannleg servitør med svart forkle på ein uterestaurant. Foto.

Du må vise at du ser alle gjestane, sjølv om du har det travelt. Eit smil og eit nikk kan ha avgjerande betydning for korleis gjestane opplever besøket, og det igjen er med på å avgjere om dei kjem tilbake eller ikkje. Målet må alltid vere å få gjesten til å trivast så godt at han kjem tilbake til restauranten neste gong han skal ut og ete. Då har han kanskje med seg nokre fleire gjestar, eller kanskje har han anbefalt staden til vener og kjende.

Er ein gjest veldig misnøgd med totalopplevinga, kan du rekne med at denne personen fortel det vidare. Det kan føre til at restauranten mister 100 gjestar. Det vil seie at dei ikkje kjem til å besøkje restauranten med det første.

Fagkunnskap – og lokalkunnskap

Fagkunnskap er viktig. Som servitør må du kunne svare på spørsmålet til gjestane og rettleie dei til ei god mat- og vinoppleving. Du må kunne gjere greie for menyen, og for tillagingsmåtane og råvarene som er nytta til dei ulike rettane. Og du må så klart ha kunnskapar om drikkevarer av alle slag.

Du må òg kunne svare på spørsmål frå turistar som spør om attraksjonar i området. Då kan det vere lurt å ha rutetabellar og turistinformasjon lett tilgjengeleg.

Haldningar

Haldningane dine har mykje å seie for korleis du fungerer i ei bedrift. Dei som eig bedrifta, vil jo at dei tilsette skal gjere jobben sin best mogleg. Det er mykje som kostar pengar i ei bedrift: Sløsing, svinn og tjuveri gjer at det blir mindre pengar til utstyr og sosiale tilstellingar. Dersom du ikkje møter på jobben, går det ut over både kollegaer, gjestar og bedrifta. Du skal sjølvsagt vere heime dersom du er sjuk, men unødvendig fråvære kostar masse pengar. Å setje inn ein vikar betyr at bedrifta får ein stor ekstra kostnad.

Uniform

Servitøruniforma er ofte utforma for å passe til interiøret, bedriftstypen og forretningsideen på ein serveringsstad. Uniforma til både kokkar og servitørar skal vere heil, rein og glatt. Skjorta, buksa og forstykket skal vere nystrokne. Det skal vere svarte sko, og dei bør vere gode, med solar tilpassa underlaget i lokalet du arbeider i. Det er lurt å ha eit ekstra par ståande i garderobeskapet, slik at du kan byte ved behov. I uniform er du bedrifta sitt ansikt overfor omverda, og uniforma gjer at gjestane kjenner deg att som servitør.


Hjelpemiddel

Som servitør er det greitt å ha hjelpemidla i orden:

  • handserviett

  • vinopnar

  • fyrstikker eller tennar

  • skrivesaker: notisblokk og kulepennar

  • lommebok til vekslepengar

Lurt å ha tilgjengeleg

  • rutetider for trikk, buss, tog og båt

  • kart over staden

  • oversikt over attraksjonar

  • smertestillande tablettar

Lurt å ha i garderobeskåpet

  • sysaker

  • sikkerheitsnåler

  • pussefiller til sko

  • deodorant

  • ekstra undertøy

CC BY-SASkrive av Gro Birgitte Eriksson og Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 07.09.2020

Læringsressursar

Servering