Hopp til innhald

Fagstoff

Servere vin til gjestar

Som servitør skal du kunne servere vin til gjestar på ein profesjonell måte. Her lærer du korleis det skal gjerast.
Servitør serverer vin til to kvinner. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Presentere vinen

Forsikre deg først om at vinen er den som gjesten har bestilt, at årgangen er riktig, og at vinen har riktig serveringstemperatur.

Presenter deretter vinen for verten eller den som har bestilt vinen. Opne flaska. Vin kan ha anten skrukork eller naturkork. Slik fjernar du naturkork:

  1. Skjer av toppen av folien.

  2. Tørk av flasketuten for å fjerne eventuelle korkrestar.

  3. Trekk opp korken.

Lukte på korken for å avdekkje feil

Lukt så på korken. Har korken ei muggen eller udelikat lukt, kan det vere feil på vinen. Her er nokre vanlege feil:

  • "Kork i vinen" betyr ikkje at vinen inneheld små restar av korken frå då du opna flaska, men at korken (naturkork) er bakterieinfisert og urein. Er vinen korka, må du helle han ut.

  • Vinen kan ha vorte oksidert eller angripen av uønskte mikroorganismar. Oksidering vil seie at det har kome til luft i vinen under lagringa. Vinen vil då lukte som naglelakkfjernar, eddik eller balsamico. Det er ingenting du kan gjere for å fjerne denne lukta og smaken, og vinen kan ikkje nyttast.

Prøvesmak vinen, og hald fram med å skjenkje dersom vinen er i orden. Viss ikkje skifter du ut vinen.

Opne musserande vin

Musserande vin opnar du på ein litt annan måte:

  1. Fjern metallfolien på toppen av flaska (etter at du har presentert vinen).

  2. Hald tommelen på toppen av flaska, og fjern metalltråden. Flaska skal haldast i 45 gradars vinkel og ikkje peike mot gjestane.

  3. Hald handa over korken, og vri han forsiktig ut av flaska. Når han begynner å gi etter, skal du halde igjen, slik at ein berre høyrer eit lite "futt". Korken skal ikkje skytast ut med eit "pang", slik at vinen fossar ut av flaska.

Dekantere

Vurder om vinen skal dekanterast. Dekantering vil seie at vi heller vinen frå flaske til karaffel. Dette er sjeldan naudsynt, men kan vere aktuelt viss vinen har vore lagra i fleire år og dermed samla botnfall. Slik dekanterer du:

  1. Plasser ein karaffel på ein kvit duk, og sørg for at du har ei god lyskjelde.

  2. Hell vinen forsiktig over i karaffelen.

  3. Sjå heile tida på flaskeskuldra, og stopp når du ser at botnfallet når dit.

Ein servitør dekanterer ei flaske vin. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Prøvesmake vinen

  1. Spør alltid kven av gjestane som ønskjer å prøvesmake vinen. Det er ikkje alltid verten eller den som har bestilt vinen.

  2. Skjenk ei lita smaksprøve i glaset til den som skal prøvesmake.

  3. Når vinen er godkjend, kan du halde fram med å skjenkje.

Skjenkje og etterskjenkje

Hald etiketten på flaska mot gjesten, og skjenk i glaset. Hugs at glaset ikkje skal fyllast meir enn ca. halvfullt.

Ver nøye med å etterskjenkje vin i glasa til gjestane. Det skaper god gjestekontakt.

Vin igjen på flaska

Dersom det er vin igjen på flaska, kan denne halde seg eit par dagar i kjøleskåp dersom du har sett på korken slik at han blir lufttett. Hugs at slantar av vin er gode til saus og kan oppbevarast i frysaren viss dei ikkje skal nyttast med ein gong.

CC BY-SASkrive av Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 07.12.2022

Læringsressursar

Servering